NRK Meny
Normal

Ventar på betre tilbod

Stabæks brasilianske midtbanespelar Alanzinho er skuffa over tilbodet frå klubben. Utan eit betre tilbod kan Stabæk miste lynvingen i januar.

Alanzinho
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

24-åringen hadde ein stor sesong i år, og har eitt år att av kontrakten med Stabæk.

Klubben har tilbode han ny kontrakt, men Alanzinho meiner at den ikkje er god nok.

Nettradio: Alanzinho er ikkje nøgd med Stabæks tilbod

Nettradio: - Merkverdig, mener Stabæks sportsdirektør

 

- Ja, eg ventar på noko betre, seier Alanzinho til NRK.

Dersom han ikkje signerer ny kontrakt, vil Stabæk truleg selje medan dei kan få godt betalt. Og i kulissene ventar både Lillestrøm og Vålerenga.

Stabæks sportsdirektør Lars Bohinen meiner det er merkeleg at spelarar uttrykkjer kontraktsmisnøye offentleg.

- Og vi har ikkje fått tilbod frå andre klubbar, seier han til NRK.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.