Artikkelen oppdateres!
– Eg er svært kjenslevar og eg har mange tankar no, sa Barrantes til CMore. Han fekk avslutte med ei målgjevande pasning då Aalesund tok leiinga mot Stabæk.
Han takka publikum etter kampslutt. Etter fem år i Aalesund skal han no til Kina.
– Korleis blir kvelden?
– Eg må heim og pakke, seier Barrantes.
– Det blir rart i garderoben måndag når han ikkje er der lenger, seier Peter Orry Larsen.
Stabæk måtte nøye seg med 1-1 mot Aalesund, og dermed taper dei terreng til Rosenborg i tabelltoppen.
– Vi skal vere nøgd med dette. Stabæk dominerte, og vi er nøgde med at vi klarte 1-1, seier Grytebust. Han vart kåra til Aalesunds mest verdfulle spelar.
Aalesund opna friskast, og fekk løn for strevet med ei vakker scoring etter berre seks minutt.
Mustafa Abdellaoue spela vegg med Michael Barantes, som med eit fantastisk hælspark tilbake spela Mos heilt fri. Mos sette ballen i mål på direkten heilt inne ved stolpen.
Men det var det for heimelaget. Stabæk tok over spelet og skapte sjanse på sjanse. Men avslutningane var ikkje gode nok, og Sten Grytebust spela stort.
Men utlikninga måtte kome. I same sekundet klokka runda 45 minutt, spela Ernest Asante Cole Grossmann gjennom, og amerikanaren smelte inn utlikninga hardt og frå spiss vinkel.
Stabæk heldt fram med å presse, men dei skapte ikkje allverden sv shansar.
Fem minutt før full tid vart Aalesunds assistenttrenar Karl Oska Fjørtoft send på tribuna. Dommaren Tommy Skjerven bles litt for tidleg då han burde brukt fordelsparagrafen, og hindra ein god sjanse for AaFK. Det førte til sterke protestar frå Fjørtoft.