– Kjetil har fått forkjøling og har ikkje vore i storform det siste døgnet. Han stod difor over treninga i dag. Det er ikkje noko vi bekymrar oss over, det vil ikkje påverke treninga fram mot finalen eller sjølve finalen, seier fysioterapeut Bjørn Erik Melland.
– Ikkje influensa
Rekdal vil reise etter resten av laget og kjem til Oslo i kveld. No vil klubben sjå an om han er i stand til å nærme seg medspelarane på trening torsdag.
– Om ikkje får han slappe av på hotellet og komme i form, slik at det ikkje er nokon fare for at han smittar andre, seier fysioterapeuten.
– Stemmer det at han er utslått med kraftig influensa?
– Nei, han er ikkje utslått med kraftig influensa. Dette ser vi på som ei vanleg forkjøling som rammar folk frå tid til annan, seier Melland.
«Haustvarme» ventar Rekdal
Rekdal vil nødig gå glipp av finalen, som dette året ser ut til å gå under uvanleg godt vêr.
Det hjelp også kanskje på forkjølinga at meteorologane ventar opp mot 9 grader på Ullevaal sundag.
- LES OGSÅ: