– Dei er definitivt det mest positive laget frå Norge. All honnør til Aalesund, seier Semb.
Aalesund overraska alle og vann 2-1 mot alle odds på heimebane mot nederlandske AZ Alkmaar.
Rosenborg har mykje å rette på
Samstundes skuffa Rosenborg stort på heimebane.
– Vi skal eigentleg vere betre enn dei, men sånn er internasjonal fotball. Om ein slepp seg ned eit par hakk blir det tøft. Det såg vi her under kampen også, seier Rosenborgs Markus Henriksen.
Heimepublikummet var så skuffa at dei stemde i med pipekonsert då Rosenborg gjekk av banen etter full tid mot kypriotiske AEK Larnaca.
0-0 mot eit lag som ligg 173 plassar under Rosenborg på UEFA-rankingen viser at trønderane har mykje å rette på til returmøtet om ei veke.
Aalesund styrka i trua på avansement
I Aalesund var tonen ein heilt annan enn på Lerkendal.
– Vi hadde kanskje venta at dei skulle vere betre, men det er vi som gjer jobben som gjer at dei ikkje får til spelet dei ønskjer. Då er det fortent at vi får eit bra resultat. Vi er strålande nøgd, seier assistenttrenar Kent Bergersen som i Kjetil Rekdals fråver leia laget til 2-1 siger over AZ Alkmaar frå Nederland.
Tilbakemeldingane frå ein nøgd Rekdal var gode etter kampen. Og i Aalesund har dei ikkje mindre tru på at dei skal komme seg til gruppespelet enn før.
– Om vi klarar å komme opp på toppnivået vi har inne skal ein ikkje sjå vekk frå at vi klarer det, seier Bergersen.
Semb kryssar fingrane
Håpet om spel i europaligaen lev enno godt for dei oransje i europaligaen. Toppfotballsjef Nils Johan Semb såg kampen. Under returkampen neste veke vil han krysse alle fingrar for at laget klarer å stå senke AZ Alkmaar samanlagt.
– Det betyr mykje for norsk fotball å få lag med i europaturneringane. Både med tanke på utvikling av spelarar men også ikkje minst den store økonomiske gevinsten det kan gje, seier Semb.