NRK Meny
Normal

«Perry» til Mathisen: – Slutt med tullet og spel fotball

KRISTIANSAND: RBK-trenar Per Joar Hansen var mektig irritert på Jesper Mathisen etter 1–0 sigeren mot Start. Mathisen var i ei rekkje «disputtar» med Nicki Bille Nielsen under oppgjeret i Kristiansand.

RBK-trenar Per Joar Hansen var mektig irritert på Jesper Mathisen etter 1-0 sigeren mot Start. Mathisen var i ei rekkje «disputtar» med Nicki Bille Nielsen under oppgjeret i Kristiansand.

VIDEO: Sjå Per Joar Hansen kritisere Jesper Mathisen. (Foto/redigering: Per-Kåre Sandbakk)

– Eg har eit forslag til Mathisen: slutt med tullet og spel heller fotball. Han bør konsentrere seg om seg sjølv og sitt eige lag, seier «Perry».

Før kampen gjekk Mathisen hardt ut i Fædrelandsvennen der han sa at Rosenborg ikkje fortener gullet. Mathisen beskreiv serieleiaren som «sutrete og dårlege taparar».

Jesper Mathisen og Nicki Bille Nielsen

Jesper Mathisen og Nicki Bille Nielsen var stadig i tottane på kvarandre på Sør Arena.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Undervegs i kampen oppstod det ei rekkje situasjonar med Jesper Mathisen og Nicki Bille Nielsen.

– Vart sagt mykje

Midtvegs i første omgang toppa det seg då dansken sprang inn i Mathisen, slik at han gjekk rett i bakken. Mathisen var tydeleg irritert og sende av garde fleire gloser til Rosenborg-spissen, som svara med same mynt.

Til slutt greip dommar Svein-Erik Edvartsen inn for å roe ned kamphanane.

– Det vart sagt og gjort mykje rart. Det treng vi ikkje å ta opp igjen, seier Mathisen.

– Rosenborg har vist kva kultur dei har tidlegare i år, så dei får snakke for seg sjølve, seier Start-stopparen.

Per Joar Hansen måtte svare på mange spørsmål om tumultane mellom dei to spelarane i intervjusona etter kampen.

– Han nærmar seg vel 30 år. Begynn heller å spel fotball i staden. Han kan heller byrje å konsentrere seg om seg sjølv. Det er eit forslag frå meg, sa Rosenborg-trenaren.

– Veit du kva som vart sagt utpå der?

– Det har eg ingen kommentar til, seier Hansen.

Bille Nielsen: – Kan prate så mykje han vil

Heller ikkje Nicki Bille Nielsen ville seie kva som vart sagt ute på bana.

– Eg har ikkje lyst til å snakke om han. Han kan prate så mykje han vil. Eg kjenner han ikkje, seier Bille Nielsen.

Rosenborg vann kampen 1–0 etter scoring av Jonas Svensson fem minutt før full tid. Trønderane toppar dermed tabellen.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia