NRK Meny
Normal

«Mr. Classified Football results» er ikkje meir

Han var ei av dei mest kjende radiorøystene i BBC i 40 år, og eit fast haldepunkt kvar laurdag ettermiddag. I går døydde James Alexander Gordon, 78 år gammal.

James Alexander Gordon

James Alexander Gordon har lese fotballresultat i 40 år

Foto: BBC

For millionar av britar og mange andre verda rundt var det eit fast punkt i tilveret når Gordons kjende røyst las «Classified Football Results» laurdagar klokka 5 pm, lokal tid – klokka 18 for norske lyttarar.

Dei var ikkje få, dei heller.

I fjor måtte han kaste inn handkleet og slutte i jobben. Han vart operert for strupekreft, og han hadde derfor ikkje lenger sterk nok stemme til å halde fram med å lese opp «Classified Football Results» – det vil seie alle dei engelske og skotske fotballresultata i alle divisjonane. Det kunne bli mange på den tid då alle kampane gjekk på same tid.

– For ein generasjon av fotball-elskarar var det James AlexanderGordon som gav oss det fullstendige biletet på ein laurdagsettermiddag. Først kjenningsmusikken til Sport Report, så James Alexander Gordons røyst, seier BBCs reporter Ian Dennis.

– Han var noko heilt spesielt

Tidlegare England-kaptein og seinare BBC-reporter Jimmy Armfield saknar sin radio-kollega.

– Før James kom inn, var resultatopplesinga mykje meir oppramsing. James fekk det inn i sin stil. Han visste når han skulle gå opp og ned med røysta, og han gjorde det perfekt. Han var noko heilt spesielt, sa Armfield, ein av mange engelske fotball- og mediekjendisar som sende sin RIP då dødsbodskapen kom måndag kveld.

No var det slutt. Måndag døydde han .

I Storbritannia har han legendestatus og er blitt ein institusjon , og for millionar av BBC-lyttarar verda over var han eit fast og kjent haldepunkt.

– Det er med stor sorg eg er nøydd til å avslutte den mest spennande delen av min karriere. «Classified Football Results »har vore livet mitt, sa Gordon då han i fjor sa at no var det slutt.

I eit BBC-intervju for to år sidan sa han at han ikkje ville slutte. – Dei må bere meg ut i ei kiste, sa han då.

40 år med resultat

Skotten har med sonor røyst og svært korrekt engelsk med ein liten aning skotsk aksent lese resultata på laurdags-ettermiddagar sidan 1973.

Då var han programannonsør på BBC Radio klokka fire.

– Så kom det ein springande og sa «James, kan du kome over til sporten og lese fotballresultata?»

– Eg var vitskremd akkurat då, men det varte ikkje lenge. Deretter var eg berre spent, og eg gjekk inn for jobben med liv og sjel, og har elska jobben sidan, seier Gordon.

Gordon var fødd i Edinburgh i 1936, og fekk polio som liten. Han jobba i musikkbransjen og kom gjennom den inn i BBC og radioen.

«Avslørande» toneleie

Han er mest kjend for sitt toneleie, som var tilpassa resultatet. Du kunne nesten frå første lyden høyre om det var heimesiger, uavgjort eller bortesiger.

Iallfall i tida før mobiltelefonar og internett var dette eit nesten ukrenkeleg høgdepunkt for alle som følgde engelsk fotball.

Høyr James Alexander Gordons karakteristiske måte å lese resultata på

– Eg la vekt på det. Eg likar ikkje å skuffe folk, og vil fortelje så tidleg om mogeleg korleis kampen gjekk, fortalde han ein gong.

– Men det viktigaste har vore å gjere det spennande og interessant for lyttarane, la han til.

Det klarte han i 40 år.

– Han gjorde det så godt at resultata vart også interessante for dei som ikkje var interessert i fotball frå før, seier BBCs radiosportsjef Richard Burgess.

– Laurdagen blir aldri den same

– Ingen andre er i stand til å uttale« Wolverhampton Wanderers» med den innlevinga han hadde, seier Mark Pougatch, programleiar for «Five o'clock sports report», der «Classified» inngjekk som eit høgdepunkt.

Richard Burgess i BBC, sa då Gordon måtte gi seg i jobben, at «dagen i dag er ein trist dag».

– Laurdagar klokka 5 pm (britisk tid) blir aldri det same utan den varme melodiøse lyden av hans røyst rett etter kjenningsmelodien, seier Burgess.

I 2007 sa han at "dei må dra meg ut av studio skrikande om eg nokonsinne skal bli erstatta".

No er ikkje «jag» lenger ved mikrofonen når klokka har passert 5 pm på Dei britiske øyane.

La oss også ta livet av ein myte: Det stemmer ikkje at han ein gong skal ha hatt problem med å lese det skotske resultatet Forfar 4, East Fife 5. Kampen med det resultatet (og med East Fife som heimelag) blei spela nokre få år før hans tid i BBC.

Det var stand up-komikaren Eric Morecambe som tilla Gordon opplesinga av dette resultatet. Dei to var gode vener, og Morecambe tiltalte alltid Gordon som «Forfar 4, East Fife 5».

Etter at Morecambe døydde i 1984, sa enka hans til James Alexander Gordon at det var ei vakker gravferd. – Men eg skulle så gjerne høyrt deg lese «Forfar 4, East Fife 5» der, sa ho.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia