NRK Meny
Normal

«Mange, denne skribenten inkludert, hadde for lengst gjeve opp Pedersen»

ANALYSE: Etter returen til Drammen har Marcus Pedersen fått ein uventa renessanse.

Marcus Pedersen

TILBAKE: Marcus Pedersen har fått orden på spillet etter returen til Strømsgodset.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

”En tøff kamp mellom to gode lag.” Det var kva Strømsgodset-trenar Bjørn Petter Ingebretsen venta seg før kampstart denne kalde kvelden på Marienlyst.

Og dét hadde han all grunn til. Begge lag var i utmerkt form – Godset hadde ikkje tapt på sju kampar, Odd var utan nederlag dei siste ti – og begge hadde realistiske ambjisjonar om seriemedalje.

Med Rosenborg utilnærmeleg tronande på toppen av tabellen, og Stabæk tilsynelatande med grepet godt festa om sølvet, var dette i praksis ein slags bronsefinale i årets eliteserie.

Har mye til felles

I VM-samanheng er bronsefinalen oftare enn ikkje ei nokså deprimerande oppleving, ein kamp ingen eigentleg verken vil spele eller sjå, men i eliteserien er skilnaden mellom å verte nummer tre og fire betydeleg, ikkje minst fordi tredjeplassen gjev rett til deltaking i kvalifiseringa til sjølvaste Europa League.

Bjørn Inge Pettersen

POPULÆR: Strømsgodsets trener Bjørn Inge Pettersen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Rosenborg og Molde sine gode prestasjonar i årets turnering har sjølvsagt vekt apetitten på internasjonal deltaking óg hjå dei andre klubbane, og kveldens kamp vart følgjeleg sett fram til med spent forventning, ikkje berre hjå fans av laga som skulle i aksjon, men óg hjå prinsipielt nøytrale observatørar som underskrivne.

Godset og Odd er to klubbar som har mykje til felles.

Førstnemnte er basert i ein noko større by og har eit betydeleg større budsjett, men begge klubbane baserer si verksemd på tradisjonelle norske fotball-kjerneverdiar: Dei legg vekt på å framstå som nøkterne og jordnære, freistar å leggje langsiktige planar og opptre med stabilitet i alle ledd, på som utanfor banen. (Godset har rett nok skifta trenar to gonger det siste dryge året, men før det hadde Ronny Deila sitte i sjefsstolen sidan 2008.)

Ikkje minst er begge klubbane svært opptekne av systematisk arbeid når det gjeld talentutvikling, og dette arbeidet har dei siste åra bore rike frukter så vel i Skien som i Drammen.

Åpen kamp

Då den britiske storavisa The Guardian nyleg kåra dei femti største talenta i verdsfotballen, var det – oppsiktsvekkjande nok – to nordmenn på lista. Den eine var ein relativt velkjent eks-Godset-spelar ved namn Martin Ødegaard. Den andre var den unge Odd-vingen Rafik Zekhnini, som fanga The Guardian si merksemd med bemerkelsesverdige prestasjonar i Europa League-kvaliken mot Borussia Dortmund. (Verdsmeister Mats Hummels skal ha vore sjokkert over å høyre at Zekhnini kun er sytten år.)

I tillegg finn vi talrike andre kortreiste spelarprodukt i sentrale rollar hjå begge klubbar, noko ikkje minst kveldens kamp var eit utmerkt døme på.

I utgongspunktet var kampen heilt open. Begge lag hadde, paradoksalt nok, statistikken på si side: Godset hadde kun tapt ein heimekamp denne sesongen, og sto med fire strake sigrar på eige kunstgras.

Odd hadde vunne sine fem siste bortekampar og kunne med ny triumf tangere klubbrekorden frå i fjor. Den alltid slagferdige brumlebassen Dag Eiliv Fagermo har opplagt knekt bortekoden – Odd har tatt 27 poeng på bortebane i år, kun Rosenborg har fleire.

Ikkje heldig

Men i denne kampen var ikkje Fagermo like heldig med sine taktiske val. Hurtigtoget Bentley var flytta over frå venstre til høgre kant for å gje plass til Zekhnini, og før pause var det ingen på Marienlyst som såg noko som helst til Bentley.

Zekhnini gjorde ein grei jobb, og viste fleire prov på fin nærteknikk, blikk for spelet og (tidvis i overkant stort) vågemot med ball, men makta ikkje å setje sitt preg på kampen, og vart typisk nok ofra då Fagermo gjorde sine pausegrep og introduserte den gamle eliteseriekjenningen Pape Paté Diouf.

Marcus Pedersen

Her setter Pedersen inn 1-0 mot Odd.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Odd er kjent for å vere det laget som kjem til flest innlegg i eliteserien, men i kveld valde dei altfor ofte å slå langt og høgt mot Oliver Occean frå posisjonar altfor djupt i banen. Occean er ein framifrå hovudspelar, men det same er Jørgen Horn og Gustav Valsvik.

Ein langt meir fruktbar strategi ville truleg vore å utfordre Godsets robuste stopparduo på tempo. Kvifor dette alternativet ikkje interesserte Fagermo, er eit mysterium.

Taktisk var kampen først og fremst interessant som studieobjekt for den som ville lære meir om den ofte oversette distinksjonen mellom formasjon og spelestil. Begge lag spelar 4-3-3 – Fagermo er så glad i 4-3-3 at han ville gifta seg med formasjonen viss det hadde vore mogleg – medan spelarmaterialet Ingebretsen rår over gjer 4-3-3 til eit logisk val óg for hans del.

Pedersen imponerte

Medan Odd satsa på å vinne denne kampen primært gjennom innsats og duellkraft, prioriterte Godset kreativitet og presisjon. Det skulle syne seg å vere eit klokt val. Drammenslaget er på sitt beste når dei vinn ballen sentralt i banen og får slått opp på Iver Fossum i rommet mellom midtbane og angrep.

Fossum har eit fint steg, ein utmerkt pasningsfot og – i eliteseriesamanheng – suverent blikk for spelet, men det aller mest imponerande med Godsets unge strateg er det han gjer utan ballen.

Han bevegar seg kontinuerleg og med frapperande intelligens, og er såleis alltid spelbar når lagkameratane har behov for han. Og det har dei ofte. Ikkje minst er han dyktig til å spele gjennom pressledd breitt i banen, noko som i denne kampen medførte at Gustav Wikheim, eliteseriens hurtigaste spelar, fekk ein oppleve ein veritabel festkveld frå sin venstre kantposisjon

Strømsgodset har dessutan ein spiss som omsider har skjøna at han gjere ein innsats for laget for å kunne lukkast sjølv.

Mange, denne skribenten inkludert, hadde for lengst gjeve opp Marcus Pedersen, men etter returen til Drammen har den livsglade tatoveringsentusiasten fått ein uventa renessanse, og i kveld imponerte han med både kraft og intelligens.

Tam 2. omgang

Godsets første scoring – etter ein relativt tam første halvtime – var eit resultat av den typen opportunisme vi ser altfor lite av i norsk fotball. Fossum fekk ballen frå Wikheim i god posisjon, men før han fekk avslutta var ein Odd-forsvarar frampå med ei lang tå. Pedersen sto der ein spiss skal stå, nemleg der ballen kjem, og sende ei kontrollert avslutting kontant i nettet.

Scoringa roa Godset-nervene, og dei dominerte kampen i større grad enn før. Kampens finaste angrep førte til 2-0. Igjen vart Wikheim spelt fri ute til venstre, han slo ein låg crossball som strengt tatt var litt vel nær Sondre Rossbach i Odd-buret, men den gatesmarte rabagasten Pedersen var på plass igjen, hindra Rossbach i å kome ut og hælsparka ballen lekkert vidare til Fossum, som roleg og stilfullt sette inn si ellevte scoring for sesongen.

Om andre omgang er det ikkje all verda å seie. Diouf brente to enorme sjansar – den første etter ein heilt usannsynleg miss, den andre takka vere ein framifrå redning av Espen Bugge Pettersen – og såg ut til å verte ein slags syndebukk, men den som legg ansvaret for tapet på senegalesaren sine aksler, overser det faktum at han i motsetning til dei øvrige Odd-angriparane faktisk bevega seg mykje og smart nok til å kome til sjansane han brente.

Ti minutt før slutt fekk han omsider hol på den vidgjetne byllen då han vart spelt gjennom etter eit ukarakteristisk Godset-balltap i midtbaneleddet. Då hadde Fossum nett gått ut, og utan sin unge balldistributør verka heimelaget tidvis noko stressa, men dei heldt ut, dei har no den forjetta tredjeplasssen i si hule hand, og kan med litt flaks kanskje óg utfordre Stabæk om sølvet.

Våre vener frå Grenland, på si side, må nok erkjenne at det neppe vert seriemedalje i år, og at dei truleg har eit behov for litt større taktisk variasjon viss dei skal nærme seg den absolutte toppen av norsk fotball.

Det er ingen grunn til å tvile på at Fagermo & Co skjønar dette. Om dei vil vere i stand til å gjere noko med det, er eg dog ikkje like sikker på.

Les også: Godset vant «bronsekampen»: – Dette var deilig

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.