– Dette blir for mykje for City, sjølv om lokalderbyet (mellom City og United) står igjen. Så no lar eg kundane som tippa United-gull få gevinsten sin, sa Fred Done, også kalla «The Manchester United-mad bookie»for tre veker sidan.
Etter Manchester Uniteds triumf mot Blackburn i den 30. serierunden tok Alex Fergusons menn eit stort skritt mot seriegull i prestisjetunge Premier League.
– Var for tidleg ute
Avstanden ned til erkerival og serietoar Manchester City auka med det til fem poeng mot slutten av ein sesong der nettopp City hadde regjert på topp.
I denne samanhengen tok bettingselskapet Betfred fram champagnen, slo på stortromma og betalte utbyte til alle kundane som hadde sett pengar på seriegull til Manchester United.
Då stod det igjen heile sju serierundar.
– No kan det vel tyde på at dei var litt tidleg ute, seier Christian Bønnelyche, Country Manager i Expect Sverige lattermildt.
Favoriserer City
Styrka i trua blei nok Betfreds Done då Manchester City nok ein gang ga frå seg poeng, og United kapra tre nye i påfølgande runde. Plutseleg skilde åtte poeng mellom storklubbane.
Men etter ei rekke sjokkerande dårlege resultat for United, som toppa seg med 4-4 mot Everton sist helg, er det ikkje lenger like sikkert at gullet hamnar i Manchesters raude halvdel.
– Ein kan vel seie at dette er sjarmen med idrett. Det viser at sport er sport, og at ingenting er klart før det er klart. Hadde du spurt Mancini om kven som vann Premier League då sju rundar gjenstår, ville han nok svara Manchester United han også, seier Expect-sjef Bønnelyche.
No skil det bare tre poeng mellom sesongens to aller beste lag, og måndag møtest dei til det som på mange måtar blir årets seriefinale.
Til kampen har Expect sett heimelaget Manchester City som sigersfavoritt. Satsar ein pengar på dei får ein 2,25 i odds. United-triumf gjev heile 3,05 i odds.
– Ja, skal ein tru våre odds vinn City denne kampen, noko som vil seie at dei kjem til å leie tabellen på målforskjell frå og med måndag kveld, seier Bønnelyche.
Tabba seg ut i 1998 - blei åtvara av Ferguson
Alle United-fans fekk seg ein støkk då nemnde Everton og Steven Pienaar plutseleg sende Manchester City inn igjen i gullkampen søndag.
Men truleg var ingen meir forferda enn bookmaker Fred Done.
Likevel er det ikkje første gangen at han forhastar seg med å betale utbyte til dei som satsar pengar på United-gull.
I 1998 punga han ut til kundane då Fergusons mannskap leia serien med 12 poeng på Arsenal før serieslutt. Men i løpet av dei resterande kampane åt London-laget opp forspranget, og vann tilslutt serien eitt poeng framfor Manchester United.
Det skal ha kosta Betfred 500 000 pund, eller 4,6 millionar kroner etter dagens kurs.
– Etter det sa Ferguson til meg at eg aldri måtte betale ut for United-gull på førehand igjen, fortalde Betfred-sjefen.
– Men no kan han ta det heilt med ro. Eg tar ikkje feil denne gangen. United har sikra seg sitt 20. Premier League-gull, sa Done då det stod igjen sju serierundar.
Statistikktenestene har snudd
Han var riktig nok ikkje aleine om å tru akkurat det. Rundt same tidspunkt rekna fleire såkalla simulatortenester seg fram til suverene prognosar for Uniteds del.
Nettstaden Euroclub Index meinte det var heile 99 prosent sjanse for at Alex Fergusons menn tok heim sitt 20. Premier League-trofé.
Også Footballsimulator rekna det som nærast garantert at gullet hamna i Manchesters raude halvdel.
No utelukkar dei på ingen måte at Manchester City kan kapre tittelen like framfor rivalens nase.
Hos Euroclub Index har Uniteds gullsjansar minska frå 99 prosent til 76,5 prosent. Byrival City får dermed 23,5 sjanse.
Ifølgje statistikkutreknaren Football Simulator er det plutseleg 27 prosent sjanse for at serietroféet til slutt hamnar i blåtrøyenes premieskap.
City-Håland trur på United
Tidlegare Manchester City-spelar Alf Inge Håland har fått oppleve intensiteten i Manchester-derbyene på godt og vondt. Rogalendingen er mest kjend for å ha blitt kvesta av Manchester Uniteds Roy Keane i 2001.
Sjølv om han kryssar fingrane for City-triumf måndag, sit han med følelsen av at raudtrøyene stikk av med Premier League-tittelen også denne gangen.
– Det er utruleg kjekt at City enno har ein sjanse, men Manchester United er favorittane.
I løpet av samtalen med NRK.no klarar han likevel å få fram fleire poeng som favoriserer City.
– City har heimebane. Det er jo ein stor fordel. I der førre ligaoppgjeret slo dei jo United med ganske mykje. I tillegg har dei, som United, spelarar som er vand med så store oppgjer. Så det er jo mykje som tyder på at det skal gå Citys veg. Likevel held eg ein knapp på United, seier Håland.'
Tjærnås: - Derbyvinnaren tar Premier League-troféet
Fotballekspert Lars Tjærnås meiner det no er ”fifty-fifty” mellom byrivalane, men etter måndagens batalje trur han svaret er klart:
– Den som vinn den kampen vinn ligaen.
Og det sjølv om Manchester City også har formlaget Newcastle igjen på bortebane før serien er ferdigspelt.
– United har Sunderland borte. Det er ingen enkel kamp det heller, seier Canal +-eksperten.
Dermed er det bare for Betfred og Done å håpe at Fergusons menn ikkje gjør som i 1998, og blir slått på målstreken.