Datoen var 7. juli 1974, staden Olympiastadion i München, hendinga VM-finalen og NRKs kommentator Knut Th. Gleditsch.
To minutt før pause fekk Gerd Müller ballen inne i feltet, snudde på femøringen og banka inn 2-1 til Vest-Tyskland over Nederland heime på bana der han til vanleg spela for Bayern München. Målet skulle bli sigersmålet, og også hans siste på landslaget i hans siste kamp.
Den beskjedne tyskaren ønskte aldri nokon blest om sin person, og feiringa er uansett dempa av meldinga som kom i førre månad om at han er råka av Alzheimers sjukdom.
Müller fekk tilnamnet «Der Bomber», og det hadde sin grunn: 365 mål på 427 kampar i Bundesliga, derav 40 på 34 kampar i 1971/72. På landslaget blei det 68 mål på 62 kampar, derav 14 på to VM-sluttspel.
Det var fleire enn noko annan før. Han er framleis nummer tre på lista, berre slått av brasilianske Ronaldo 42 år seinare, og Miroslav Klose i fjor.
Müller debuterte for Bayern München i 1964, medan klubben var på nivå to i Vest-Tyskland. Den sesongen rykka dei opp, og Müller var med på å bygge opp Bayern til eit av Europas topplag. Saman med legender som Franz Beckenbauer og Sepp Maier herja Gerd Müller i europeisk fotball i det neste tiåret.
Etter karrieren gjekk det ikkje like godt for Müller, som sleit med alkoholproblem. Men kameratar i klubben greip inn og fekk han på rett kjøl.
Heilt fram til nyleg har han vore trenar for Bayerns amatørlag. Men no ville han gi seg.
Før meldinga kom om at han er alvorleg sjuk.