NRK Meny
Normal

Avgjorde kampen utan å vite det

Gustav Wikheim scora Strømsgodsets avgjerande mål mot Sogndal. Men det visste han ikkje om før etterpå. Godset vann til slutt 3–1 og er framleis på tabelltoppen.

Gustav Wikheim

Gustav Wikheim fekk æra av å score Strømsgodsets avgjerande mål, men det gjorde han utan å vite det

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Scoringa som skulle avgjere kampen, kom sju minutt etter pause.

Thomas Sørum flikka vidare eit innlegg, men var ikkje heilt heldig med retninga. Ballen trefte Wikheim i ansiktet og rulla over mål bak ein forfjamsa og svært overraska Mathias Dyngeland i Sogndal-målet.

– Gustav fekk litt vondt. Ballen trefte nasen. Men vi scora, og det var det viktigaste. Eg er ikkje så opptatt av kva kroppsdel han scorar med, sa Strømsgodset-trenar Ronny Deila til CMore.

Målet sende Strømsgodset i leiinga med 2-1, og den tok gjestene frå Drammen godt vare på. I minutta etter målet hadde gjestene fleire store sjansar, og kunne og burde auka leiinga.

– Spel til i morgon

I resten av kampen kontrollerte Godset inn til tre poeng.

– Spel til i morgon, ropa Ronny Deila til spelarane som mot slutten heldt på ballen i staden for å angripe for fleire scoringar.

– Det er vanskeleg å spele mot Sogndal her. Dei spelar på våre feil, og vi handterte ikkje det godt nok tidleg i kampen. Vi gir bort eit mål rett etter 1-0, seier Deila om førsteomgangen

– Vi var irriterte etter den første omgangen. Men etter pause kom vi meir gjennom på sidene, og då kontrollerte vi det. Det skulle vi gjort frå starten, seier Deila.

Sliten Flo

Sogndals Ulrik Flo var skuffa etter tapet.

– Vi var i lange periodar på høgde med dei. Men Godset er effektive. Dei beste laga har evna til å avgjere kampar, og det viser dei i dag. Dei er hakket kvassare enn vi, sa Flo, som vedgjekk at han var svært sliten etter mange og lange løp i første omgang. Han vart bytta ut eit snautt kvarter før full tid.

– Det vart sjansar, men vi klarte ikkje å utnytte dei. Men vi legg ned ein stor innsats og gjer ein godkjent kamp, seier Ulrik Flo.

Klubbrekord av Strømsgodset

Marius Høibråten sende Strømsgodset i leiinga etter berre sju minutt, men Ørjan Hopen utlikna på eit hardt og godt plassert frispark frå 17–18 meter tre minutt etterpå.

Etter Wikheim si ansikts-scoring var det derimot ingen tvil. Strømsgodset overtok meir og meir. Peter Kovacs sikra sigeren med 3-1-målet eit knapt kvarter før slutt.

Med sigeren er Strømsgodset framleis på tabelltoppen med ti poeng etter fire serierundar. 12 kampar på rad utan tap er også ny klubbrekord. Seriemeisteren frå i fjor har ikkje tapt sidan dei rauk 1–0 for Viking i Stavanger 1. september i fjor.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.