Hopp til innhold

Tore Bøygard: – Fotball-VM om vinteren er hinsides all fornuft og heilt bak mål

Ein illsint skiskyttarpresident Tore Bøygard slaktar forslaget om å flytte vinter-OL for å gi plass til fotball-VM vinteren 2022.

Tore Bøygard

Skiskyttarpresident Tore Bøygard freser mot forslaget om å flytte fotball-VM til januar/februar: – Eg håpar det finst fornuftige skalla i FIFA som kan finne andre løysingar

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg tenkjer at desse fotballeiarane som i si tid vedtok å legge eit fotball-VM nede i den arabiske golfen, måtte også ha tenkt gjennom at der kunne det bli varmt. Så no sit dei med konsekvensane av eit vedtak som er litt merkeleg.

– Enten får dei flytte VM til eit anna land, eller så få dei ha eit VM når det er fotballsesong, seier Bøygard til NRK.

Han er dansande galen for at forslaget om å flytte fotball-VM til januar/februar no dukkar opp att.

Toppklubbane i Europa vil flytte OL

Spørsmålet om flytting av VM fekk ny næring i går. Umberto Gandini i European Club Association (ECA) – som representerer rundt 200 av dei største klubbane i Europa – vil flytte VM 2022 frå sommaren til januar/februar.

– Vinterleikane er ikkje tildelte enno, så eg ser ingen problem med at dei blir flytta litt, seier Umberto Gandini i eit intervju med BBC.

Men det vil ikkje Bøygard vere med på i det heile.

– VM er aldri spela på svartaste vinteren

– Då er vi inne i ein vintersesong, og VM har vel aldri blitt spela på svartaste vinteren. At FIFA i etterkant har sett at Qatar-tildelinga ikkje var det smartaste dei har gjort. må dei ta konsekvensen av ved å rydde opp i eige hus, staden for å presse VM inn på ei årstid når det er heilt andre idrettar gåande.

– Kor uheldig vil det vere med VM og OL i løpet av dei tre første månadene?

– Det er veldig uheldig og høyrer ikkje heime nokon stad. OL går vel i februar slik det brukar å gjere. At det så skal kome eit VM i januar eller eventuelt i mars er svært uheldig for vinteridrettane, seier Bøygard.

Håpar på «fornuftige skallar»

Derfor er han klart imot fotball-VM i starten av året.

– Eg håpar det finst nokon fornuftige skallar nede i dette FIFA-systemet, og som no ser at det å flytte eit fotball-VM til ei anna årstid er uheldig for idretten totalt sett, og at dei må finne andre løysingar for plasseringa av meisterskapet, seier skiskyttarpresident Tore Bøygard.

Floken som dei mektigaste idrettsleiarane i verda må løyse, har sitt utspring i sommartemperaturane i Qatar. I den arabiske ørkenstaten der VM skal arrangerast i 2022 er det vanlegvis mellom 40 og 50 grader i juni/juli, den tida på året når VM vanlegvis blir arrangert.

Det går ikkje, det er helsefarleg både for spelarane og tilreisande tilskodarar, meiner ein samstemt helseekspertise.

Dermed går FIFA inn for å flytte VM til ei kjøligare årstid . Men usemja går på om det blir i november/desember eller januar/februar.

– Lett å flytte OL 15 dagar

Umberto Gandini

Umberto Gandini meiner flytting til januar gjer det lettare for ligaene å tilpasse seg endringa

Foto: STR / Reuters

FIFA-president Sepp Blatter har nokså bestemt gått ut og tilrådd november/desember. Men det vil gi maksimale problem for dei store ligaene og europeiske klubbturneringane, som har stor aktivitet om hausten.

– Dersom vi skal flytte VM frå sommaren, vil det vere mykje betre å flytte det til starten av året. Det skaper mykje mindre problem for ligaene, ettersom mange av dei har vinterpause uansett, seier Gandini.

Milan-direktøren er leiar for European Club Association, ein organisasjon som har dei rundt 200 største klubbane som medlemmer, og dermed ei tung røyst i debatten.

Leiarane for dei største og mektigaste ligaene i Europa har tidlegare gitt uttrykk for det same, det har også UEFA-president Michel Platini.

– Med så lang tid igjen bør det ikkje vere umogeleg å flytte vinter-OL ein 15 dagars tid frå det vanlege tidsrommet, meiner Gandini. Vinter-OL går vanlegvis frå rundt 10. februar og to veker framover.

Dei kjem til å gå i Kina eller Kasakhstan, etter at Oslo i førre veke trekte seg.

Men IOC har allereie kravd at FIFA må halde seg unna tidsrommet for vinter-OL . Derfor har Blatter – sjølv medlem i IOC – sagt at han vil helst flytte det til november.

– Verkar som om det alt er bestemt

Det uroar Gandini. Han seier at europeiske klubbar fryktar at FIFA bestemmer seg utan å tenkje skikkeleg gjennom konsekvensane.

– Om du var på møtet i FIFA, kjende du det nesten som om det allereie er bestemt. Derfor er det viktig at klubbane i Europa set ned foten og seier «vent no litt». November-alternativet kjem til å gjere det svært vanskeleg for dei europeiske ligaene, så vi må tenke oss nøye om, seier Gandini.

Qatar kan miste VM

Qatar VM 2010

Tildelinga av VM 2022 til Qatar har skapt mange og høge bølgjer

Foto: Clive Rose / Getty Images for Qatar 2022

Eit anna alternativ er å ta frå Qatar VM . Qatar er skulda for korrupsjon i samband med tildelinga av meisterskapet i desember 2010. Den amerikanske advokaten Michael Garcia har på oppdrag frå FIFA granska det som skjedde før og under tildelinga, og han har avslutta og levert frå seg resultatet av granskinga.

Sjølv meiner Garcia at hans rapport bør gjerast offentleg, men det vil ikkje FIFA. FIFAs etiske kommisjon skal vurderer rapporten, og berre konklusjonen deira kjem til å bli offentleggjort. Det skjer på nyåret.

Deretter skal FIFA kome fram til ei samla vurdering om Qatar skal miste VM, eller om det berre skal flyttast til den eine eller den andre enden av året.

PS: Tips til FIFA og IOC: Argentina gjekk før helga ut og sa at dei er klare til å søkje om det første vinter-OL på den sørlege halvkule nokonsinne. Der er det best vinterforhold i august/september.

Fotball

  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hansen og Barcelona med kjempesmell i semifinalen

    Caroline Graham Hansen og Barcelona er storfavoritter til å vinne mesterligaen, men røk på et bananskall i første semifinalekamp mot Chelsea. Det endte med 0-1-tap.

    Erin Cuthbert ble kampens eneste målscorer like før pause, og de blåkledde tar med seg en 1-0-ledelse til returoppgjøret i London neste lørdag.

    Chelseas Guro Reiten kom inn som innbytter på overtid, mens Ingrid Syrstad Engen ble byttet ut etter en drøy time. Hansen spilte hele kampen for Barcelona.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Jose Breton / AP
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten