NRK Meny
Normal

Start-kaptein: – Vi har mykje å revansjere

Start-kaptein Glenn Andersen vil slå knallhardt tilbake mot Lillestrøm etter tapte mot Haugesund onsdag.

Start - Haugesund

Start-keeper Håkon Opdal fortvilar etter Haugesund-scoring. No trur Start-kaptein Glenn Andersen at det er ein revansjelysten gjeng som reiser til Åråsen laurdag.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Glenn Andersen

Glenn Andersen har tru på poeng borte mot Haugesund.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Alejandro Castro, Start

Alejandro Casto scora sine første mål i eliteserien mot Haugesund onsdag.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix
– Det er ein revansjesugen gjeng som reiser til Åråsen, seier Andersen til NRK.

Andersen er ute med skade og blir ikkje med til Lillestrøm. Kapteinen trenar for tida med andrelaget og er snart tilbake.

– Tøff bortekamp

Etter 2–3 tapet for Haugesund tidlegare denne veka trur han det er eit tent Start-lag som går ut på grasmatta på Åråsen.

– Det er fullt mogleg å ta med seg både eitt og tre poeng der, men det er ein tøff bortekamp. Det er ikkje lett å møte dei på Åråsen, seier han.

– Det var eit surt tap i Haugesund, så gutane kjem til å gjere det dei kan for å få med seg tre poeng, seier han.

I Haugesund var Start fullt på høgde med heimelaget. Laga gjekk til pause med 1-1, men allereie 13 sekund ut i andre omgang gjekk rogalendingane opp til 2–1.

– Må vere skjerpa

– Vi må vere meir skjerpa når kampen startar. Det gjeld både første og andre omgang, seier han.

Andersen trur også at Alejandro Castro vil halde fram med å score mål. På Haugesund stadion scora han sine to første mål i eliteserien.

– Det er glimrande å få han i gang med sjølvtillit og mål. Det er det siste vesle som har mangla. Eg satsar på at det kjem fleire scoringar både frå han og Matthias Vilhjalmsson, seier forsvarsspelaren.

God poengfangst

Sørlendingane står med åtte poeng på dei fem første kampane og ligg på 7. plass på tabellen.

Lillestrøm har sanka sju poeng på like mange kampar og ligg plassen bak på tabellen.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.