– Eg er glad vi har dei vekene på oss. For i augneblinken har vi litt lite folk å stille med, seier Grytebust.
Måndag var han godt fornøgd med laget etter sigeren over svenske Kalmar.
- Les også:
Likevel meiner han AaFK treng tida før seriestart, der AaFK serieopnar mot Haugesund 16. mars.
– Det er framleis ein del å rette på spelemessig, for det var ikkje berre bra mot Kalmar.
– Ting er ikkje heilt på plass, men det skal bli det i løpet av dei nærmaste vekene, seier Grytebust til NRK.
Veit lite om den nye spissen
Den siste tida har AaFK signert to nye spelarar i midtstoppar Andreas Nordvik og «superspiss» Abderrazak Hamdallah.
- Les også:
- Les også:
– Det er to spennande signeringar, meiner Grytebust.
– Nordvik har ikkje spelt så mykje fotball i det siste og er ikkje heilt kampklar. Så han får ein del tid på seg fram til seriestart.
Den nye spissen veit AaFK-keeperen lite om.
– Eg veit lite om han og eg veit ikkje på kva tidspunkt han kjem. Forhåpentlegvis er han på plass til seriestart.
– Han verkar i alle fall god ut frå prislappen?
– Ja. Eg har høyrt at dette er ei veldig spennande signering. Eg veit ikkje noko om han, men eg trur det kan bli bra, seier Grytebust til NRK.
– Må ha ein felles ambisjon
For seg sjølv som enkeltspelar oppsummerer keeperen årets oppkøyring som den beste så langt i AaFK-karrieren.
– No skal eg terpe på ein del ting og kome i enda betre form før seriestart.
– Og så skal eg gi alt for at dette blir min beste sesong som førstekeeper i Tippeligaen.
For AaFK som lag etterlyser Grytebust ei klar målsetjing.
– AaFK som må ha ein felles ambisjon om kva vi vil med sesongen og kva som er målet vårt.
– Målet er vel kanskje å nærme seg topp tre-fire?
– Eg har ikkje høyrt noko konkret mål. Det hadde vore fint om vi kunne setje oss ei konkret målsetjing, avsluttar Grytebust.
- Les også: