– Det er ein liten og koseleg klubb med eit godt treningsanlegg og dyktige trenarar. Spelargruppa er også god, så eg gler meg til die neste dagane og vekene, og til å kome skikkeleg i gang, seier Nyland til NRK.
Det var i går det vart kjent at den norske landslagskeeperen går
.Draumen er å bli nummer ein, og å spele mot storklubbar som Bayern München og Borussia Dortmund. Han håpar å få spele frå første dag.
– Det gjeld å stå på og vise seg fram frå første dag. Så får ein krevje plassen, seier Nyland.
«Keeperland»
Frå barneåra har Ørjan Håskjold Nyland hatt som mål å spele i Tyskland, som han kallar eit «keeperland». Og at det er ei ein relativt liten klubb som er nyopprykka til første Bundesliga, ser han på som eit stort steg i karrieren.
– Dette er noko som gir sterke signal, og som eg er stolt av. Eg gler meg til tida framover, og til å utvikle meg i ein kultur med gode trenarar og for utvikling av gode keeperar.
Møter Dortmund i første heimekamp
Ingolstadt innleier komande sesong med treningskamp mot Wacker Burghausen allereie komande laurdag. Ligasesongen tek ikkje til før 15. august, når laget skal møte Mainz på bortebane. Første heimekamp går mot storklubben Borussia Dortmund 22. august.
Nyland er i den bayerske byen no, før han reiser tilbake til Molde eit par dagar. I neste veke skal han leite etter hus i Tyskland.
«Sehr gut»
– Det håpar eg at eg skal finne ganske fort, seier landslagskeeperen.
Som lærte tysk på skulen, og håpar språket skal kome på plass nokså raskt.
– Eg skal prøve og feile, så går det nok «sehr gut», seier Nyland.
– Er det det trenarane seier til deg?
– Av og til. Meir etter kvart, håper eg.
Overraska over varmen
– Har noko overraska deg sidan du kom til Tyskland?
– Ja, at det er så varmt her, seier Nyland. Gradestokken i Bayern har stabilisert seg midt på 30-talet. – Men eg skal nok venne meg til det også. Det er betre enn storm og regn, seier keeperen med fortid ute mot havet i Ulsteinvik.