– Med denne handlinga har John Arne sett seg sjølv på sidelinja av norsk fotball, seier fotballpresident Yngve Hallén.
. Det er sterkt imot norsk idrett sine interesser, derfor han han også fått mykje kritikk sidan avtalen vart kjend måndag.NFF, på same måten som resten av norsk idrett, likar ikkje at idrettsprofilar reklamerer for konkurrentar av Norsk Tipping.
– Han har heile tida vore klar over konsekvensane dette valet førde med seg, seier Hallén.
– Hallén er veldig uvitande
Konsekvensane er at han ikkje får delta på noko som helst i fotballforbundet sin regi.
Sjølv meiner han at han har gitt mykje tilbake til norsk fotball, og at det ikkje er Norsk Tipping som er årsaka til at han har hatt ein strålande karriere.
– Kjære kjære Hallén..... Ja ja, skreiv Riise på twitter.
– Det viser at han er veldig uvitande, sa Riise på TV 2-programmet Sommertid måndag.
Der imøtegjekk han NFFs reaksjon sterkt. – NFF gjekk ganske hart ut, og eg har ikkje noko anna val enn å gjere det same. Eg sit ikkje stille og tek imot kva som helst frå folk som ikkje har peiling på mitt liv og min karriere, sa Riise.
Ingen jubileumsfest
For no blir det heller ikkje noko av jubileumsfesten NFF skulle ha gitt Riise i haust. Riise har 110 landskampar – fleire enn nokon annan i historia.
– Det gjer i seg sjølv ikkje så mykje. Eg har aldri bedt om noko markering, det er det NFF som har bedt meg om. Men kritikken er skuffande, og den er bevisst uvitande, sa Riise på TV 2-programmet Sommertid måndag.
– Vil aldri forandre meg
Han meiner fotballpresidenten viser lita forståing for at Riise har jobba så hardt som han har for å kome så langt.
– Eg har alltid vore annleis og gått mine eigne vegar. Eg kjem ikkje til å forandre meg, sa han.
. Då var det berre godord og venlege ord – også med leiarane i NFF.
– Men allereie då kjende dei til min avtale, sa Riise i dag.
Tredje på kort tid
Riises sponsorkontrakt med eit selskap som konkurrerer med Norsk Tipping, er det tredje tilfellet på kort tid. I førre veke vart det kjent at stavhopparen Catjrine Larsåsen hadde skrive sponsorkontrakt med eit slikt selskap, tidlegare har ishockeyspelaren Mats Zuccarello Aasen gjort det same. Felles for dei er sanksjonar av typen landslagsnekt.
For Riises vedkomande er ikkje dette aktuelt, ettersom han sjølv har sagt nei til vidare spel på landslaget.
Generalsekretær Ingen Andersen i Norges Idrettsforbund støttar reaksjonane frå alle dei tre særforbunda.
– Dei har støtte frå NIF i sine vedtak, og i dei tiltaka dei gjer, seier Andersen til NRK.
Avviser tvert landslagscomeback
Om Riise ønskjer seg inn i landslagsvarmen igjen, må han først ut av gamblingbransjen.
Tidlegare har han halde døra på ein aldri så liten gløtt for landslagscomeback. Men ikkje no lenger.
– No er det uansett heilt slutt. Eit eventuelt VM i Brasil neste år er ikkje aktuelt, sa Fulham-spelaren måndag.