– Eg forstår ikkje. Vi er eit vanleg land, og det er ikkje noko problem, seier den polske landslagsspelaren Przemysław Tytoń til NRKs reporter to dagar før EM brakar laus i Polen og Ukraina.
BBCs dokumentar om fotballvald skildrar rasistisk og nynazistisk motivert fotballvald i EM-landa Ukraina og Polen.
Dokumentaren, som blei sendt på NRK1 tysdag, har skremd TV-sjåarar over heile Europa.
– Dei er bare fanatiske fans
Stjernene på det polske landslaget meiner imidlertid at BBC-dokumentaren svartmåler fotballkulturen i heimlandet.
Dei kjenner seg ikkje igjen i sjokkhistoriene som har prega EM før det heile er i gang.
– Dei er bare fanatiske fans. Du får komme og sjå korleis dei er, seier Tytoń, som til dagleg speler i nederlandske PSV Eindhoven.
Også polske journalistar NRK har snakka med meiner at rasistisk vald i polsk og ukrainsk fotball høyrer fortida til.
VIDEO: Rasisme og vald i Ukrainsk fotball-EM
Hevdar oppstyret ikkje påverkar spelarane
Media møtte mannsterke opp til landslagstrening med Polen onsdag. Temaet dei helst ville snakke om var naturleg nok rasisme, vald og ting som eigentleg ikkje høyrer saman med fotball.
Det merka spelarane godt, men samstundes nektar landslaget at dei lar seg påverke.
– Spelarane er distansert når det kjem til dette emnet, men journalistane vil heile tida diskutere det, seier Polens pressesjef, Tomasz Raza.