NRK Meny
Normal

Mektig IOC-medlem: – Qatar-skuldingane er rasistiske

Sjeik Ahmad Al-Fahad Al-Sabah går hardt ut mot skuldingane om Qatar-korrupsjon, og seier at dei er rasistiske.

Ahmed Al-Fahad Al-Ahmed Al-Sabah

Sjeik Ahmad Al-Fahad Al-Sabah frå Kuwait meiner at korrupsjons-skuldingane mot Qatar er rasistiske

Foto: JUAN MABROMATA / Afp

– Vi skal møte alle desse rasisme-skuldingane, og vi stiller oss bak Qatar, sa sjeiken til ein tv-stasjon i Qatar under eit møte i hans heimland Kuwait torsdag, ifølgje insidethegames.com .

– Ingen skal få ta frå Qatar fotball-VM i 2022, la han til.

Sjeik Ahmad Al-Fahad Al-Sabah er medlem i IOC, den internasjonale OL-komiteen, og også leiar av samanslutninga av dei nasjonale OL-komiteane.

Han reagerer sterkt på påstandane som kom fram i The Sunday Times sist helg, der avisa meinte å dokumentere omfattande korrupsjon i samband med at Qatar for snart fire år sidan fekk tildelt fotball-VM i 2022.

– Eg er i løpande kontakt med våre brør i Qatar, og med Sjeik Salman bin Ibrahim (leiaren i det asiatiske fotballforbundet, red. anm.), og vi vil støtte Qatar fullt ut. Om Gud vil, møtest vi i Doha i 2022, seier sjeik Ahmad.

Ingen FIFA-kommentar enno

Sepp Blatter

FIFA og president Sepp Blatter vil ikkje kommentere korrupsjonsskuldingane før den interne granskinga er avslutta

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Det har også tidlegare kome skuldingar om korrupsjon i samband med røystinga i desember 2010, der Qatar slo ut Australia, USA, Sør-Korea og Japan. FIFAs etiske komité er i ferd med å granske skuldingane.

Leiaren for komiteen er New York-advokaten Michael Garcia, og han fekk nyleg beskjed av FIFAs visepresident Tim Boyne om å kome fram til ein konklusjon så raskt som mogeleg.

Fleire, og sist UEFA-president Michel Platini, har sagt at det må bli FIFA åpner for ny avstemning om Qatar-VM dersom det viser seg å vere korrupsjon blanda inn.

På ein pressekonferanse i natt sa FIFA-president at verken han eller nokon annan i organisasjonen vil kommentere Qatar-spørsmålet før komiteen har avslutta sitt arbeid, venteleg i slutten av juli , etter at årets VM i Brasil er ferdig.

– Eg er ingen profet. Vi må vente på resultatet av granskinga, sa Blatter.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.