– Moa har prestert svært godt. Dette var hans endelege gjennombrot i Tyskland, seier ekspert på tysk fotball, Jan Åge Fjørtoft.
Etter å ha banka inn samtlege mål for Hannover i 3-2-sigeren mot Werder Bremen sundag, står den nye yndlingen med eit scoringssnitt på 1,20 per kamp.
Det gjer spissen meir effektiv enn storspissane Mario Gomez og Klas Jaan Huntelaar, som toppar scoringslista i serien med åtte og sju mål.
- LES OGSÅ: Moa applaudert av banen etter tre mål
I dette selskapet ligg Abdellaoue på delt tredjeplass med seks scoringar på fem kampar. Det får tyskarane til å sperre opp auga.
– No legg dei godt merke til Moa. Vi har vore premature her i Norge ved å seie at han er eit stort namn i Tyskland, men først no byrjar han å nerme seg det at fotball-Tyskland følgjer veldig godt med på han, seier Fjørtoft.
- SJEKK: Toppscorarlista i Bundesliga
«Til engelske følgjarar: Sjekk ut Moa»
Eksperten ber også engelskmenn som følgjer han på Twitter om å sjekke ut den norske spissjuvelen.
«Spesielt for mine engelske følgjarar: Sjå på Mohammed Abdellaoue på YouTube,» skriv han på Twitter og held fram:
«Det er bra om du held deg oppdatert på Moa. Han kan snart komme til ein toppklubb nær deg».
– Kvifor ber du engelske tilhengarar følgje Moa?
– Eg ser noko i han som minner om Ole Gunnar Solskjær, og som svært få spissar har. Han har denne eigenskapen med å skyte i steget. Han mottar ballen, snur seg raskt og skyt plutseleg. Det er ein eigenskap som toppklubbane søkjer, seier Fjørtoft.
- SJEKK: Tabellen i Bundesliga
– Ser du Moa vere i Hannover om eit par sesongar?
– Kanskje ikkje om eit par sesongar, men det kjem ikkje til å skje noko umiddelbart. No er han på listene til storlaga. Det er ikkje lett i denne bransjen, men denne hat-tricken var eit svært viktig steg for Moa, seier Fjørtoft som meiner spissen kan passe godt for engelske toppklubbar.
Les meir under biletet!
– Må halde nivået over tid
Tyskland-eksperten forklarer at Moa, trass godt spel, kom i skuggen av spissmakker Konan Ya førre sesong. Difor blei han ikkje lagt like godt merke til, meiner Fjørtoft.
Men no er det andre tider. Dei kjem Moa til å takle godt, trur den tidlegare Eintracht Frankfurt-spelaren.
– Han er ein fornuftig fyr, som ser karrieren sin i det rette perspektivet. I tillegg har han gode haldningar. No handlar det om å ta dei riktige stega. Dei beste klubbane følgjer spelarar 30-40 gonger før dei gjer noko. Moa veit at han må halde dette nivået over tid, seier Fjørtoft.