NRK Meny
Normal

Nederlandsk avis: – Louis van Gaal samd med Manchester United

Nederlands største avis, De Telegraaf, melder i dag at Manchester United har gjort avtale med Louis van Gaal om at nederlendaren skal bli klubbens nye manager.

Luis van Gaal

Dette blir Manchester Uniteds nye manager, meiner De Telegraf å vite. Men Louis van Gaal begynner ikkje før etter VM

Foto: Antonio Calanni / Ap

Uniteds direktør Ed Woodward og ein representant for Uniteds største aksjonær Glazer-familien skal ha gjort avtalen på van Gaals villa i Algarve i Portugal seint i går kveld, skriv avisa .

Louis van Gaal er nederlandsk landslagssjef, og skal etter det De Telegraaf forstår overta United-jobben etter at han har leia Nederland gjennom VM til sommaren.

United nektar for avtale

Klubben vil sjølv ikkje stadfeste dette. «Vi har ikkje gjort avtale om nokon ny manager», er svaret fleire britiske media har fått når dei har vendt seg til klubben i dag.

– Vi har ikkje skrive kontrakt med nokon ny manager. Når vi har noko å melde om den saka, melder vi det, seier ein representant for United til BBC.

Giggs

- Ryan Giggs bør få managerjobben permanent, meiner Sir Alex Ferguson. Giggs er sjef ut sesongen, og leier klubben for første gong mot Norwich i kveld

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Ryan Giggs er mellombels manager i Manchester United ut denne sesongen. Han overtok etter at David Moyes fekk sparken tysdag.

Manchester United er nummer sju i Premier League, og det er venta at klubben må styrke stallen betydeleg før neste sesong. Louis van Gaal skal ifølgje oppslaget i De Telegraaf få 100 millionar euro (over 800 millionar kroner) til spelarkjøp som ein del av avtalen.

Ifølgje De Telegraaf skal van Gaal alt ha kome med dei første anbefalingane om kva spelarar United bør kjøpe før neste sesong.

– Møttest for to veker sidan

van Gaal har vore blant dei heitaste namna i spekulasjonane sidan Moyes fekk sparken. Allereie for to veker sidan skal Woodward og van Gaal ha hatt dei første samtalene – altså før Moyes fekk sparken.

Både Tottenham og Monaco har også vore ute etter å sikre seg van Gaal etter VM.

Sir Alex: – Gi Giggs jobben

Sir Alex Ferguson – suksessrik manager i United i nærmare 27 år og no ein av direktørane i klubben – sa torsdag at han var opprørt over Uniteds handtering av David Moyes-sparkinga . No tar han til orde for at Ryan Giggs bør få jobben permanent.

Giggs leier laget for første gong mot Norwich heime på Old Trafford i kveld.

Han har meir enn 20 års erfaring frå United, seier Ferguson om Giggs (40). Giggs kom til klubben som 13-åring og debuterte i ligaen i mars 1991 (0-2 mot Everton).

– Han veit kva det vil seie å spele for United, seier Ferguson.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia