– Det er so herleg. De' e' so steikje herleg, seier Oddemann Folkestad. Han har nettopp sett Hødd-spelarane heve pokalen over hovudet, midt i fyrverkerirøyken på Ullevål.
Det blei både ekstraomgangar og straffekonkurranse. Mange måtte bane seg veg for å rekke feiringa heime i Ulsteinvik.
– No må eg rekke flyet heim. Eg skal vere konferansier på kulturhuset Sjøborg heime i Ulsteinvik. Dette var heilt rått. Heia Hødd, seier Magne Krumsvik på veg ut av Ullevål-området.
Hødd var «underdogen» som klarte å slå favoritten Tromsø. Det såg stygt ut dei første minutta i kampen. Men Hødd beit seg fast, og Kjell Rune Sellin gav Hødd 1-0-leiing. Det var ikkje mange minutt att av kampen, då Tromsø klarte å score. Det blei ekstraomgangar og straffekonkurranse.
Hødd vann straffekonkurransen, og kan for all tid smykke seg med tittelen Noregsmeistrar i fotball 2012.
Dette er stort. Det er veldig stort. Sølvi Høgli samanliknar det med noko av det aller største i norsk idrett.
– Gløym kvar du var då Brå brakk staven. No er setninga skifta ut: Kvar var du då Hødd vann cupfinalen, heiter det no. I flokken bryt det ut vill jubel og alle ropar: Heia Hødd. Kvar var du då Hødd vann cupfinalen!
Ikkje alle utanfor stadionmurane er like smilande og glade. Stort sett er dette folk i raudt og kvitt, og dei snakkar nordnorsk dialekt. Ein av dei som heng med geipen er Kristoffer Nordhus. Tårene har viska ut noko av raudfargen han har mala under auga.
– Uff,nei. Dette var bittert. Eg er berre så skuffa. Hødd hadde ein god keeper. Han var kjempegod, seier Nordhus, og tørkar seg ein gong til.
Rundt han strøymer flokk på flokk med blåkledde sunnmøringar og andre som heiar på Hødd. Stemninga ved Ullevål er framleis elektrisk. Vi treng ikkje akkurat be om jubelrop frå sunnmøringane.
– Hødd var gode i dag. Dette var heilt nådelaust, jublar supporterane i køen ut av stadion på veg ned i byen.