Han meiner at Island ser langt dårlegare ut enn Norge på papiret, men at blåtrøyene har større innsatsvilje.
No er han sterk i trua på at ei ekte krigarinnstilling kan ryste nordmennene i VM-kvalifiseringen fredag.
– Vi må bare gå for det, og gi alt av kva liv og remmer kan halde. Det trur eg bør vere hovudfokuset vårt, seier Gunnarsson.
Riise: – Island kan vinne over oss på den måten
Forsvarsspelar John Arne Riise, som etter kampen blir spelaren med flest landskampar for Norge, har møtt duellsterke islendingar fleire gonger.
Fulham-bautaen trur motstandar-kapteinen er inne på noko.
– Han har eit godt poeng. Island kan vinne over oss på den måten der, seier han, og legg til:
– Vi er også opptatt av å ha ein vinnarmentalitet og krigarinnstilling til kvar kamp. Dette blir ein tøff duell mellom to gode lag. Men vi skal også vere på vakt, og ha på plass vinnarinnstinktet.
Haugesunds Alexander Søderlund har spelt for den islandske klubben Hafnarfjörður, og kjenner mentaliteten på øya.
Han lar seg ikkje skremme.
– Eg trur vi har like stor vinnarvilje som dei (Island). Vi skal hamle opp med dei. Det blir ikkje noko problem, seier Søderlund.
«Drillo»: – Vinnarkultur? Kva er det?
Island er kjent for sin løpskapasitet og vilje til å kjempe, og det har flere gode nasjonar fått merke.
Ei ulempe for blåtrøyene er ofte at dei ikkje står løpet heilt ut, og ikkje tar seg til meisterskap.
Men i enkelte kampar kan dei vere brutale. Det har Norge og landslagssjef Egil Olsen fått merke i tidlegare oppgjør.
«Drillo» vil riktig nok ikkje gå inn i nokon analyse av sine eigne spelarar og vinnarmentaliteten deira.
– Der skal eg vere forsiktig. Ikkje er eg psykolog, og ikkje er eg så sikker på at ein kan gi gode svar på det heller.
– Men kva med vinnarkulturen?
– Ja, kva er det?, spør Drillo retorisk.
– Det er nokon som seier at du må ønske det, og verkeleg tru på at du skal vinne for å lukkast. Eg trur ikkje det er så enkelt. Det viktigaste for meg er å gjøre dei rette tingene, og det er det vi jobbar med, avsluttar landslagssjefen.