– Norge vil nok bli endå bedre offensivt under Høgmo, seier Yttergård Jenssen.
Kaiserslautern-proffen har den siste tida spelt på eit Drillo-styrt landslag som til tider har slitt med å styre kampar, og vore upresise framover i banen.
Fredag overtok Per-Mathias Høgmo som landslagssjef etter Egil Olsen. Det gjør Yttergård Jenssen entusiastisk.
– Det blir jo veldig interessant å sjå kven han vil ha med seg i trenarteamet. Eg kjenner han veldig godt, og veit at han vil klare seg kjempebra i jobben.
– For alle oss rundt landslaget vil dette vere eit løft, seier Yttergård Jenssen, som tidlegare har spelt under Høgmos leiing i Tromsø.
25-åringen synst ikkje det var ein dårleg prioritering av Norges Fotballforbund å avsette Egil Olsen på dagen - før VM-kvalifiseringa er over.
– No skulle Drillo gje seg i januar. Og tenker ein langsiktig var det nok lurt å gje Per-Mathias tre månader ekstra med tanke på neste kvalifisering til EM. Men vi må ikkje forvente at alt skal snu plutseleg, og vi vinn 4-0 og 5-0 dei neste kampane.
– Kva vil du seie er forskjellen mellom Olsen og Høgmo?
– Det er store likskapar mellom dei, men Per er kanskje meir open for nye tankar og idéar enn Drillo, så dette kan bli veldig bra.
- LES OGSÅ: Derfor var Siem skeptisk til Høgmo
Får ikkje tillit i Tyskland - aksepterer vraking til neste tropp
Under den pågåande VM-kvalifiseringa har Yttergård Jensen fått mykje speletid av eks-landslagssjef Egil Olsen.
Men hos arbeidsgjevaren, 2. Bundesliga-klubben Kaiserslautern, har midtbanespelaren slitt benken sidan han kom til Tyskland i sommar.
– Eg har enno ikkje starta ein fotballkamp, og har opplevd tre trenarskifte i løpet av dei tre siste månadene, så det har vore vanskeleg for min del.
– Eg har heller ikkje noko namn i Tyskland, så kvar trenar som tar over klubben må bli kjend med meg på ny, seier Yttergård Jenssen.
25-åringen fortel at han ikkje går rundt og fryktar at landslagsplassen skal ryke om speletida blir minimal utover hausten.
– Men eg aksepterer også om eg ikkje blir funnen god nok til den neste landslagstroppen, som blir tatt ut mandag. Det viktigaste er at dei beste spelarane blir tatt ut, og tar poeng i dei to siste VM-kvalifiseringskampane.
- LES OGSÅ: Slik blir Høgmos dobbeltrolle
– Spelarane må ta det meste av skulda for kvalikfiasko
Etter landslagsleiinga sin pressekonferanse på Ullevaal fredag meinte NFF-generalsekretær Kjetil Siem at Høgmo er meir avhengig av å lukkast på banen enn fleire andre trenarar for å skape entusiasme hos publikum.
– Per-Mathias får ikkje noko gratis. Han er nok meir avhengig av gode resultat enn andre for å heve produktet. Per-Mathias har signalisert ei endring no, men han treng meir enn andre å vise at det skjer noko. Eg tenker på laguttak og oppstilling av tropp, fortel Siem.
Yttergård Jenssen ser også at dagens landslag må vise bedre takter for å oppretthalde, og auke publikumsinteressa.
– Entusiasmen blir skapt av resultat. Vi må klare å prestere bedre. Det er først og fremst medgang som kan skape entusiasme hos det norske folk.
Den entusiasmen har forsvunne sakte men sikkert i takt med Norges nedturar i VM-kvalifiseringa.
Men midtbanespelaren er ikkje med på at eks-landslagsjef Egil Olsen klandrast noko meir enn spelarane for at Norges VM-sjansar er minimale.
– Vi var utruleg skuffa etter Sveits-kampen sist. Spelarane er hovudårsaka til at det gjekk dårleg, sjølv om landslagssjefen må ta sin del.
Yttergård Jenssen takkar Egil Olsen for tilliten, og hyllar den legendariske landslagstrenaren.
– Eg er utruleg stolt over å ha få spelt så mange kampar under hans leiing. Det han har fått til med landslaget, kan ein berre drøyme om skal kunne skje igjen.
- LES OGSÅ: Siem: – Drillo fortener statue
Markus Henriksen: – Vi har mykje å lære av Høgmo
Også andre landslagsspelarar likar godt at Høgmo etter kvart reiser frå jobben i Djurgården og tar over Norge.
– Per-Mathias er veldig dyktig. Landslagsspelarane har mykje å lære av han. Det blir veldig spennande å sjå kva han får til, seier Alkmaar-proff Markus Henriksen.
«Spennende med Høgmo som ny sjef. Hørt mye bra om han. Så det ser jeg fram til. Samtidig har jeg kosa meg veldig på samling med Egil som har gjort en veldig god jobb,» skriv Vikings Rune Almenning Jarstein i ein SMS.
– At Drillo må gå er sånt som skjer i fotballen. Høgmo er ein god erstattar. Han kan vise til gode resultat, sier Johan Lædre Bjørdal.