– Stabæk og eg har eit fint forhold vi, seier Herman Stengel til NRK.
– Like fint som før?
– Jada, det er fint.
– Forholdet til Vålerenga då?
– Eg veit ikkje. Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Vålerenga er ein fin klubb.
Klubbane kan få bot
Utan at han visste om det blei ein opsjon på å kjøpe Herman Stengel del av Veigar Pall Gunnarssons omstridde overgang frå Stabæk til Vålerenga.
Forballforbundet si påtalenemnd meiner dette i realiteten er skjult betaling for Gunnarsson og har bedt Forbundet bøtelegga begge klubbene samt utestenge fleire leiarar.
– Veit ikkje om eg blir Vålerenga-spelar
Stengel er tilsynelatande upåverka av saka som rir klubben hans som eit mareritt. Han framstår heller som lev fotballdraumen.
– Det er stort for meg dette. Eg har alltid drøymt om å spele i eliteserien. Eg har prøvd å ikkje tenke på overgangssaka eigentleg. Eg har prøvd å stenge det ute, seier Stengel.
– Blir du Vålerenga-spelar ein dag trur du?
– Det veit eg ikkje. Det har eg ikkje tenkt på, seier Stengel.