NRK Meny
Normal

– Denne Neuer-«svakheiten» kan bli Tysklands akilleshæl

Dette ville den danske fotballanalytikaren Lars Bo gjort om han var trenar for et EM-lag som skulle møte suverene Tyskland.

Neuer og Schürrle

Manuel Neuer er den botnsolide rekordkeeperen som briljerer til det nærast perfekte for både klubb og landslag, men er ikkje alltid feilfri. Her på første stolpe saman med forsvarar André Schürrle.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

FBL-EURO-2012-GER-TRAINING

Tysklands målmaskin Mario Gomez er spydspiss på laget som har gått frå triumf til triumf dei siste to åra.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Fredag valsa Tyskland over Hellas i EM-kvartfinalen og vann 4–2.

Joachim Löws menn står fram som eit lag utan svake punkt frå keeper til spiss.

For så mektige har dei kvitkledde frå Sentral-Europa blitt på bana dei siste åra:

  • Tyskland har vunne dei 15 siste kampane etter at dei tapte for Spania i VM-semifinalen i 2010. Rekka med triumfar gjer dei til det beste laget i Europa akkurat no.
  • Laget har scora minst ein gang i kvar av dei 20 siste kampane dei har spelt. Sist dei ikkje makta å score var mot Sverige (0-0) i ein privatlandskamp i november 2010.
  • Landslagssjef Joachim Löw leidde Tyskland for 82. gong. Han har vunne 69 prosent av kampane, noko som gjer han til den mest suksessrike landslagstrenaren i tysk fotballhistorie.
  • For første gang har tyskarane vunne alle gruppespelkampane i eit EM.

Slik kan Tyskland slåast

Vagif Javadov

Aserbajdsjans Vagif Javadov fann nøkkelen til det Lars Bo meiner er Tysklands kanskje einaste svake punkt. Spissen fekk eit hjørnespark på hovudet mot dei kvitkledde. På første stolpe gjorde han keeper Neuer til latter, og noterte seg i scoringsprotokollen.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Likevel har fotballgiganten ein svakheit det er mogleg å utnytte, meiner fotballanalytiker Lars Bo, som driv nettsida fodboldensabc.dk, og ofte blir brukt som analytikar i danske medium.

Han har analysert over 5000 mål i meisterligaen frå dei siste 16 sesongane, samt mål i dansk eliteserie.

– Mitt mål med dette er å sjå ei trend i alt eit lag gjer for å lykkast på bana, og spesielt korleis scoringar kjem generelt, seier han.

I tillegg har han sett nøye på korleis Tyskland har scora og sleppt inn mål sidan 1. januar 2010.

For til og med det pansra og perfekte maskinlaget gjør feil, sjølv om det er svært sjeldan.

– Svakheiten er minimal

Difor veit Bo godt kva han ville satsa alt på om han hadde vore gresk trenar fredag kveld.

– Å utnytte Manuel Neuers kanskje einaste svake punkt, fortel analytikaren, og legg til:

– I nokre få tilfelle har Neuer hatt problem med å komme ut, nå opp og ta hjørnespark som kjem på første stolpe. Det tyske forsvaret er veldig, veldig sterkt. Då må ein gje alt for å utnytte dei ytst få svake punkta dei kanskje har, og dette kan vere nøkkelen.

– Svakheiten er minimal, men eg har vanskeleg for å sjå at Tyskland kan overvinnast på nokon annan måte, seier Bo om det som kan gjere verdsklassekeeper Neuer til syndebukk.

– Det er mogleg

Sidan januar 2010 har tyskarane scora 56 mål og slept inn fattige 15. To av dei 15 har komme på hjørnespark mot første stolpe der klassekeeperen Neuer har vore for svak.

Aserbajdsjan og Vagif Javadov scora eit slikt mål i 6-1-tapet for Tyskland i EM-kvalifiseringa hausten 2010.

– Når Aserbajdsjan klarar det er det vel mogleg å gjere det same, seier Bo lattermildt.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.