Klubben må også avgrense talet på spelarar i troppen til neste sesongs meisterliga til 21. Det vanlege er 25.
Manchester City kjem til å anke straffa, ifølgje kjelder Sky Sports har vore i kontakt med.
UEFA kjem ikkje til å offentleggjere detaljane i straffa før seinare denne veka.
Financial Fair Play er reglar UEFA har utarbeidd for at klubbane ikkje skal bruke meir pengar enn det som er forretningsmessig forsvarleg. Det avgrensar mellom anna omfanget av midlar rike eigarar kan pøse inn i klubbane.
Før helga sa UEFA-president Michel Platini at ni klubbar kjem til å bli straffa i ulik grad for brot på reglane. Manchester City og franske Paris Saint-Germain skal vere dei mest prominente klubbane blant dei ni.
Tøffare straff for PSG
Ifølgje den franske avisa L'Equipe blir PSG endå hardare straffa. I tillegg til bot og innskrenking i meisterliga-troppen må dei også innføre lønnstak og får avgrensingar på nye spelarkjøp.
UEFA kan også gi poengtrekk og utestenging frå europeiske turneringar som straff for brot på reglane.
– Men denne gongen kjem det ikkje til å bli snakk om utestenging sa Platini tidlegare i vår.
Både Paris Saint-Germain og Manchester City er storfavorittar til å sikre seg ligameisterskapa i sine land.