Hødd-fargen er blå. Dei arrangerer den blå timen, draktene er sjølvsagt blå, dei lagar blå stemning i Oslo. Og Oslo-ordførar Fabian Stang var ikkje sein om å streke under at han som Høgre-mann kjenner seg komfortabel med nett denne fargen.
– Blått er så absolutt ein farge eg kan leve godt med, sa han då han blei spurt om å tippe kven som vinn årets cupfinale.
Cupfinalevorspielet blei leia av Fredrik Steen. Her saman med Ulstein-ordførar Jan Berset og Oslo-ordførar Fabian Stang.
Foto: Terje Reite / NRKMen, han gjekk også lenger enn dette. Han trur nemleg at askeladd-effekten kan vere med på å hjelpe Hødd framover.
– Eg har stor tru på, at når nokon får sjansen til å gjere noko utover det ein normalt skulle tru ikkje skulle gå an, då skjer det ofte noko som kan bli svært bra, sa Fabian Stang.
I det store Høddvoll-teltet var det fredag kveld Cupfinalevorspiel, med sunnmørsgruppa Exposed to failure og Fredrik Steen og Standup Ulsteinvik.
Kvelden blir avrunda med konsert med Vassendgutane.
Under Hødd sine arrangement i Oslo er det full rulle frå første stund.
Foto: Terje Reite / NRK