Hopp til innhold

Her sender han Brasil inn i den store depresjonen

– Det var fullstendig stilt. Det var som om publikum var fastfrosne. Det var som om dei ikkje fekk puste. Det var då eg forstod at dette gjekk vår veg, at det var vi som hadde vunne VM".

Alcides Ghiggia

Her tar fotballhistoria ei dramatisk vending: Alcides Ghiggia set inn målet som gir Uruguay 2-1 og VM-gull, og 200.000 på tribunene er knust

Foto: Anonymous / Ap

Laster innhold, vennligst vent..

Orda kjem frå Alcides Ghiggia. Mannen som sette inn sigersmålet då Uruguay snappa VM-tittelen frå heimelaget Brasil framfor 200.000 tilskodarar på Maracana stadion i Rio i 1950 – sist det var fotball-VM i Brasil.

For historia framhevar nesten alltid vinnaren, og Ghiggias namn burde stått med gullskrift i fotballhistoria.

Men i dette tilfellet var det taparen som kom fremst i historiebøkene.

Aldri har eit mål hatt slik verknad på ein heil nasjon. Skal ordet katastrofe nokon gong brukast om eit fotballresultat, var det dette. Det brasilianske folket var knust så grundig at det lenge var uvisst om dei ville klare å reise seg igjen. Sorga i den digre nasjonen gjekk langt utover det fotballmessige.

Såra frå den kvelden i Rio har framleis ikkje grodd, sjølv om Brasil har vunne VM fem gonger seinare.

Den siste gjenlevande

Alcides Ghiggia er 87 år no, og den siste gjenlevande av gull-laget frå Maracana den gongen for 64 år sidan.

Skjebnen smilte mot oss. Publikum, presse og alle involverte i og rundt laget trudde VM-gullet var vårt. Og det er truleg årsaka til at det gjekk som det gjorde.

Flavio Costa, Brasils landslagstrenar

Brasil var storfavorittar, ingen løyvde vesle Uruguay nokon sjanse. Brasil hadde heimebane, og dei hadde utklassa alt og alle så langt i VM. I den fire lag store finalegruppa – det var grupespel i staden for semifinaler og finale det året – hadde dei slått Sverige 7-1 og Spania 6-1. Uruguay hadde slite seg til 3-2 og 2-2 mot dei same laga.

Dagen før Uruguay og Brasil skulle møtest i det som var ein de facto VM-finale, trykte ei Rio-avis bilete av Brasil med teksten "Dette er verdsmeistrane". Og midtbanespelaren Zizinho signerte opp mot 2000 autografar saman med orda "Brasil, verdsmeister".

For fotballgalne Brasil måtte berre spele uavgjort for å bli verdsmeister for første gong. Og det på heimebane.

Og det såg ut til å gå den vegen. Berre få minutt etter pause scora Friaca, og Brasil var i leiinga. No måtte Uruguay score to for å vinne.

Lurte backen to gonger

Berre 1,69 meter høge Ghiggia var ein spinkel talentfull høgreving med høgt tempo. Midt i omgangen lurte han Brasils venstreback trill rundt, og frå kanten av 16-meteren la han ein presis cross til Juan Alberto Schiaffino, som utlikna.

Berre tre menneske har fått 200.000 menneske på Maracana til å stilne med ein einaste bevegelse: Frank Sinatra, Pave Johannes Paul II og eg.

Alcides Ghiggia, avgjorde VM-finalen i 1950

11 minutt seinare kom målet som skulle sende den kjempesvære nasjonen Brasil ut i ein depresjon som skulle vare lenge.

Igjen lurte han sin venstreback. Brasils keeper venta ein crossball som sist og trekte litt inn. Det oppfatta Ghiggia raskt og skaut i mål ved nærmaste stolpe.

– Eg hadde berre eit lite sekund og skaut hardt og lågt mellom keeper og stolpen, seier Ghiggia i eit intervju med BBC .

Alcides Ghiggia

Alcides Ghiggia med VM-pokalen som skal delast ut i VM i sommar

Foto: MIGUEL ROJO / Afp

Det er ei historie Ghiggia sjølv har fortalt tusenvis av gonger sidan.

Premieutdelinga vart borte i kaoset

Han vart snytt for sigersseremonien etterpå. Det var sorg, ikkje glede, som prega heile stadion. Heile den planlagde sigersseremonien braut saman, ingen orka. FIFA-president Jules Rimet hadde reist seg frå plassen sin for å hente trofeet han skulle dele ut med pop og prakt etter kampslutt. Då han kom tilbake, hadde Uruguay scora, og alt var kaos.

– Midt i folkemengda fann eg Uruguays kaptein og fekk levert han pokalen, sa Rimet.

Landesorg er berre forbokstaven på Brasils kjensler etterpå. Tapet var ein nasjonal katastrofe. Og sjølv om Brasil har vunne VM fem gonger seinare, er "Maracanaco" (Maracana-slaget) framleis ein traume den stolte fotballnasjonen enno ikkje har kome heilt over.

Vi gjekk ut og kjøpte eit par smørbrød og nokre øl. Så gjekk vi til hotellet vårt og festa litt på rommet etterpå.

Alcides Ghiggia, matchvinnar i VM-finalen 1950

– Eg har aldri sett nokon så nedtrykte og sorgtyngde som brasilianarane etter dette tapet. Det fekk meg til å skjelve, og fleire av lagkameratane vart så gripne av steminga at dei gret med brasilianarane, fortel Ghiggia.

Innskrenka sigersfeiring

Derfor vart feiringa seinare på dagen også svært innskrenka.

– Vi fann ikkje att kasseraren vår i kaoset. Dei fleste av oss gjekk ut og kjøpte eit par smørbrød og nokre øl for eiga rekning. Så gjekk vi til hotellet vårt og festa litt på rommet, sa Ghiggia om det som skulle vore hans og lagkameratane sin store kveld.

Mange av spelarane på Brasils lag la opp etter kampen, andre makta aldri å bli tekne ut på landslaget igjen.

Keeper vart syndebukk og folkefiende

Moacyr Barbosa

Moacyr Barbosa, Brasils keeper, må kapitulere for skotet som gav Uruguay utlikning. Han fekk hovudskulda for tapet, og vart aldri tilgitt av landet sitt

Foto: STAFF / Afp

Verst gjekk det ut over Moacyr Barbosa, keeperen. Han fekk skulda for tapet og vart lagt for hat av heile nasjonen – eit hat han måtte leve med resten av livet. Han spela rettnok i fleire sesongar etterpå for Rio-klubben Vasco, men opplevde heile tida at også lagkameratane heldt seg unna han.

I 1994 ville han besøke Brasils leir under VM i USA, men fekk ikkje sleppe inn. – I Brasil er maksimumsstraffa for kriminelle handlingar 30 år. Eg har vore straffa i 44 år for eit brotsverk eg ikkje eingoing har gjort meg skuldig i, sa han etterpå. Barbosa døydde som ein svært skuffa mann i 2000.

Ghiggia meiner Barbosa vart behandla svært urettferdig i heimlandet. – Kvifor måtte Barbosa ta skulda? Kvifor ikkje backen deira, som mislykkast i å stoppe meg ved begge scoringane? spør Ghiggia. Han snakka fleire gonger med Barbosa om dette i åra etter 1950-VM.

– Brasils spøkelse

– Av og til kjenner eg det som om eg er Brasils spøkelse. Eg er i hovuda deira heile tida

Alcides Ghiggia, matchvinnar i fotball-VM i 1950

Ingen kamp i Brasils ærerike historie har blitt analysert oftare enn 1950-finalen. 16. juli kvart einaste år – det var det aom var datoen for den famøse kampen i 1950 – ser brasilianske media tilbake, mimrar og finn nye innfallsvinklar. Tapet i VM-finalen på heimebane vil aldri sleppe taket.

– Av og til kjenner eg det som om eg er Brasils spøkelse. Eg er der heile tida, i brasilianarane sine minne, seier Ghiggia.

Sjølv har han likevel unngått hat-stempelet i Brasil. No hard feelings, tvert i mot:

Alcides Ghiggia

Det var her det skjedde: Alcides Ghiggia på fotballmuseet i Montevideo framfor biletet frå finaledagen i 1950 med 200.000 tilskodarar på Maracana

Foto: PANTA ASTIAZARAN / Afp

I 2009 vart han heidra av Brasil ved å bli plassert på "Walk of fame" på Maracana, ved sida av namn som Pele, Franz Beckenbauer og Eusebio

– Dei har teke vel imot meg når eg har besøkt landet, og framleis kjem dei for å snakke om kampen, seier 87-åringen som var ein velkomen gjest under VM-trekninga i Bahia før jul.

Landslagsspel også for Italia

Ghiggia scora i alle Uruguays kampar i VM i 1950, men målet på Maracana vart hans siste på landslaget, trass i at han spela der i to år til. Faktum er at dei fire måla han scorar i VM det året, var hans einaste på det landslaget.

I 1952 reiste han til Italia og spela åtte år og 200 ligakampar for Roma. Familien hans kom frå Italia, derfor fekk han etter kvart også italensk pass.

Ghiggia spela VM-kvalifisering for Italia til VM i 1958 og scora eit mål på fem kampar. Men det skulle bli det einaste VM Italia aldri har kvalifisert seg til.

Han reiste etter kvart heim til Uruguay, og spela profesjonelt til han var nesten 42 år.

Måtte selje VM-medaljen

Ghiggia vart aldri rik på fotballen sin. Ingen fekk store pengar for VM-gullet. Men alle VM-spelarane fekk garantert jobb i staten heime i Uruguay etter karriereslutt. For Ghiggias vedkomande var det som kontrollør ved kasinoet i Montevideo.

Då han slutta i 1992, måtte han leve av ein pensjon på vel 4000 kroner i månaden. Han måtte auksjonere bort VM-medaljen sin, men millionæren som fekk tilslaget, gav medaljen tilbake.

I dag bur 87-åringen i småbyen Las Piedras, ein times køyring nord for Montevideo, saman med kona Beatriz som har har vore gift med i over 40 år. På veggen heng eit teikna portrett av Ghiggia som 24-åring, og med signaturen til alle lagkameratane frå den gongen.

– Eg kjenner enno den enorme gleda frå den dagen, seier han. – Det var det vi sat att med, og det er det eg hugsar. Gleda over å ha slått heie verda.

PS: Brasil kvitta seg med dei kvite draktene etter VM-fiaskoen, og gjekk over til dei meir veljende gule og blå. Og dei har teke fem VM-gull i løpet av dei 64 åra som har gått.

Fotball

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for ti tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland