Reaksjonane lot ikkje vente på seg då Kjetil Rekdal fekk sparken som AaFK-trenar i slutten av november.
Etter å ha leia ålesundsklubben til cupgull i både 2009 og 2011, fekk Rekdal nærast heltestatus i byen. Difor var det mange som var ueinige med AaFK-leiinga då dei meinte at tida var inne for den omstridde trenaren til å forlate klubben.
Rekdal forventa skitslenging
Fredag var Kjetil Rekdal tilbake i Ålesund fredag, denne gong som Vålerenga-trenar, for å prøve å slå laget han vart sparka frå for litt over tre månader sidan.
Då var det ikkje alle som var like glade for å sjå han.
– Det var ein del skitslenging frå tribuna, seier Rekdal sjølv.
– Eg hadde ikkje forventa noko anna. Eg er vant til det. Eg fekk skitslenging når eg var trenar her også. Det var sikkert same folka som sat og remja i dag også. Dei føler seg vel stolt over det, så det er greit det.
Les også:
100 prosent ferdig med AaFK
Leiinga i AaFK har vore uklare på kvifor dei avgjorde at Kjetil Rekdal ikkje lenger skulle få vere i klubben, men sa at det var ei grundig evaluering som låg bak.
Styreleiar Kjell Tennfjord sa den gong at dei ikkje hadde noko anna val enn å gi Rekdal sparken.
Rekdal sjølv bruker ikkje tid på å tenkje på sin tidlegare klubb i det heile tatt.
– Forholdet mitt til AaFK er ganske enkelt, og det er at eg er 100 prosent ferdig med dei. Eg har ingen følelsar for AaFK. Eg har vore der og gjort ein jobb.
– Ekstremt spesielt og skuffande
Likevel er han einig i at tida si i Ålesund kunne ha fått ein lystigare ende.
– Det vart ei spesiell avslutning. Mange feilaktige historier har blitt fortalt ut i media. Historier som mange har stussa på. I tillegg har folk prøvd å spreie historier rundt i fotball-Noreg. Det er ekstremt spesielt og skuffande. Men eg hadde eigentleg ikkje forventa noko anna heller.
– Er det noko som går inn på deg?
– Nei, det gjer det ikkje. Eg er såpass oppegåande at eg klarer å heve meg over slike ting. Eg er ikkje bitter, eg er ferdig med dei.
Treningskampen mellom AaFK og Vålerenga enda uavgjort 1-1.