NRK Meny
Normal

– Paradoksalt nok kan bråket styrke Molde

Molde-kjennarar og fotballkommentatorar er overbevist om at Ole Gunnar Solskjær vil oppretthalde suksessen hos fjorårets seriemeister.

Molde

Ole Gunnar Solskjær, her saman med Magnus Wolff Eikrem, på Molde-trening denne uka.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Like raskt som Solskjær kom seg til England 18. mai, oppstod rykta om at Molde-manageren er førstevalet til å ta over Premier League-laget frå Birmingham.

Følg toppkampen: Molde - Tromsø kl 19.00

Og i tillegg til spekulasjonane om kor vidt den tidlegare Manchester United-profilen sit i Villa-sjefsstolen om eit par dagar, har også konfliktane hagla internt hos fjorårets seriemeister i Norge (les faktaboks).

– Har alle føresetnader for å ta seriegull

Knut Nesbø

Knut Nesbø har trua på Solskjær.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Solskjær må nå halde fram i Molde som om ingenting har hendt – og jobbe mot målet klubben sette seg før sesongen: Å bli betre enn i fjor.

Det treng ikkje vere så mykje hardare å oppnå enn før, sjølv om det utanomsportslege har prega dekninga av klubben dei siste dagane, meiner Molde-kjennarar.

– Slik det no ser ut i norsk fotball har Molde føresetnader for å gjenta eit seriegull. Og om desse sakene ikkje påverkar Ole Gunnar, og han er interessert i å komme vidare, vil ikkje dimensjonen med konflikten gjøre den bragda noko større, seier Knut Nesbø, tidlegare Molde-spelar og programleiar for NRK-programmet Bakrommet.

– Har fått ein syretest på korleis dei opptrer under press

Forholdet mellom Solskjær og Molde-leiinga var tydeleg ikkje roseraudt førre helg.

Etter at direktør Tarje Nordstrand Jacobsen valde å offentleggjere intern informasjon frå manageren til leiinga, reagerte Solskjær med frustrasjon og avsky.

– Eg trudde vi var einige om at vi skulle sette strek og sjå framover etter pressekonferansen i Molde laurdag. No ser vi kva for eit spel som går føre seg, sa Solskjær til VG.

Men det kjølna forholdet vil ikkje være med på å sette kjeppar i hjula for den sportslege suksessen, trur Nesbø.

– Dette er sikkert reparerbart opp til eit punkt der begge partar kan samarbeide om å nå eit felles mål, og det er det viktigaste, seier han, og påpeiker at saka truleg triggar Solskjær til å prestere endå betre.

– Konflikten dreier seg om kjensler. No har klubben på mange måtar fått ein syretest på korleis dei opptrer under press, og så har dei sikkert gjort dei justeringane dei meiner er nødvendig, legg han til.

«Oss mot alle»

Alt oppstyret rundt Molde dei siste dagane kan til og med ha betra lagkjensla hos spelarar, trenarar og støtteapparat, meiner fotballkommentator Lars Tjærnås.

– Dette kan foreine garderoben, slik at laget får ein «oss mot alle»-mentalitet. Paradoksalt nok kan situasjonen ha styrka Molde fotballklubb, seier Tjærnås til NRK.no.

Stavrum: – Hadde ikkje brydd meg om eg var spelar

Molde var før helga på god veg mot å levere nok ein stor sesong i eliteserien. Også etter triumfen over Sandnes Ulf sundag ser suksessen ut til å halde fram.

Etter ti kampar ligg bare Strømsgodset framfor blåtrøyene på tabellen.

Tidlegare Molde-trenar og -spelar Arild Stavrum er sikker på at Molde-spelarane klarar å levere jamt og trutt på bana framover, sjølv om også dei har fått med seg overgangsbråket.

– Det er noko i fotballen som gjør at folk gløymer fort. Med sigeren over Sandnes Ulf fekk laget dekka over det meste av oppstyret. Hadde eg vore spelar under Ole Gunnar hadde eg ikkje brydd meg om denne konflikten, seier han.

– Trur dei vinn serien i år også

Stavrum er like optimistisk med tanke på Moldes sjansar i eliteserien som han var før sesongen, også om Solskjær sit i førarsetet etter sommarpausen.

– Det som gjeld er at Molde har det beste laget. Held dette mannskapet fram med det dei har gjort til no, trur eg dei vil vinne serien.

– Og om Solskjær skulle forsvinne, vil det vere mogleg å erstatte han med eit godt namn.

Men enno er Solskjær Molde-manager, og kan hypotetisk sett komme til å bli det i ei god stund framover.

Fotballnyheter