NRK Meny
Normal

Tidlegare UEFA-president: – Blatter «rigga» presidentval

Lennart Johansson hevdar at presidentvalet i organisasjonen i 2007 var «rigga» av FIFA-president Sepp Blatter.

Lennart Johansson

Tidlegare UEFA-president Lennart Johansson har tidlegare sagt at FIFA-valet i 1998, då han tapte for Sepp Blatter, vart avgjort ved kjøpte røyster. No seier Johansson at Sepp Blatter (t.h.) greip inn og kjøpte røyster også ved presidentvalet i UEFA i 2007, då Johansson tapte for Michel Platini

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

– Han kjøpte røyster, seier Johansson til fotbollskanalen.se .

Det som skulle vere eit internt UEFA-val, vart påverka av at Blatter kjøpte stemmer for Johanssons konkurrent Michel Platini, meiner Johansson, som var UEFA-president på den tid.

Sepp Blatter

Sepp Blatter har vore FIFA-president sidan 1998. Men det er sådd tvil om han stiller til ein ny periode etter alle skandalene, sjølv om han seir at han vil

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

VG skriv om Johanssons påstandar i dag. Dei har kontakta UEFA om skuldingane, men UEFA vil ikkje kommentere dei.

Tapte både i 1998 og 2007

Johansson tapte i 2007, som han gjorde mot Blatter i kampen om å bli FIFA-president i 1998. Johansson har tidlegare hevda at Blatter kjøpte røyster også ved det valet .

– Då var eg forbanna. I 2007 reagerte eg også, men då vart eg ikkje forundra. Då var det berre gjentaking av noko eg kjende til frå før, seier Johansson.

Han følgjer godt med i diskusjonen rundt Sepp Blatter, som i går tok opp att at han stiller for sin femte periode som FIFA-president ved valet neste år.

– Sit til han døyr på sin post

Men Johansson er ikkje sikker på at 78 år gamle Blatter klarer å henge med. Sjølv om han trur Blatter vil sitje til han døyr på sin post, for å halde på løyndomane frå sine år i presidentstolen.

– Men mange som har site ved Blatters side og vore lojale, tek no til å ta avstand frå han, seier Johansson.

I ei pressemelding frå FIFA i går sa Blatter at organisasjonen må gjenopprette truverdet som har fått hard medfart dei siste åra, ikkje minst med korrupsjonsskuldingane om VM-tildelinga 2018 og 2022.

– Det er viktig for meg personleg å vere ved roret når vi skal gjenopprette tilliten, og å kunne gå eit nytt år i møte med gode haldningar fram mot komande turneringar, seier Blatter.

– Blatter merkar motstanden

Michael Garcia

Etterforskar Michael Garcia trekte seg i førre veke i protest mot nehandlinga rapporten hans fekk. - FIFA er utan leiing, sa Garcia

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Blatter har likevel enno ikkje gitt formell melding om at han stiller ved presidentvalet i mai. Det må han gjere innan 29. januar. Men ikkje alle trur at han kjem til å gjere det.

Ifølgje BBC skal Blatter ha hemmelege samtaler med FIFA om å ikkje stille opp på nytt til våren. Han tek til å merke at motstanden mot han aukar.

– Blatter verkar meir og meir sliten etter mange år med brannslokking av fleire skandaler, og eit generelt hektisk arbeidspress, seier ei anonym sentralt plassert FIFA-kjelde til BBC.

Kjelda seier også at det at sjefetterforskar Michael Garcia trekte seg før helga i protest mot behandlinga granskingsrapporten fekk , skal ha lagt endå større press på Blatter.

Fotballnyheter