NRK Meny
Normal

– Atletico må slå ut på Richters skala igjen

Atletico Madrid-sjef Diego Simeone må få spelarane til å «riste» dersom det skal bli semifinaleplass i meisterligaen.

Diego Simeone

Har han tenkt ut ein plan? Atletico Madrid-sjef Diego Simeone må få fram galskapen i mannskapet sitt skal dei gå vidare i meisterligaen i kveld, meiner Viasat-ekspert Petter Veland.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Viasats fotballekspert er ikkje i tvil. Atletico Madrid må gjenta «bragda» frå 2014. Då blei Barcelona knust i kvartfinalen etter dei mest «sinnsjuke» opningsminutta som Petter Veland har sett.

– Dersom eit trøkk innan fotballen nokonsinne har slått inn på Richters skala, må det vere dei første 20 minutta av den kampen. Barcelona var rysta. Dei må ut og gjere det same for dei 55.000 galningane som sit på tribuna og som skal gjere kampen til ei skremande oppleving for Barcelona, seier Petter Veland om kvartfinalen i 2014

Då tok Atletico Madrid seg heilt til finalen, men tapte 4-0 for Real Madrid.

Atletico Madrid 2

Atletico Madrid jublar etter kvartfinalesigeren mot Barcelona i 2014.

Foto: CURTO DE LA TORRE / Afp

Må koke etter «pep-talk»

Den gangen stod det 1-1 etter den første kvarfinalen på Camp Nou. I returoppgjeret sikra målet til Koke avansement til semifinalen. Scoringa kom allereie etter fem minutt då Barcelona blei trøkka bakover heime på Vincente Calderon.

Kveldens kamp har noe av det same utgangspunktet. Atletico Madrid er vidare til semifinalen med 1-0-siger etter 2-1-tapet på Camp Nou i førre veke.

Men skal Diego Simones menn klare oppgåva, må trenaren få fram den vanlege galskapen.

– Den krigerske stemninga innad i laget kjem ikkje av seg sjølv. Den byrjar under oppvarminga med enorm intensitet. Den må takast med vidare inn i garderoben til den siste «pep-talken» til Diego Simeone. Etterpå må elleve mann «stå og riste» rett før avspark. Når dommaren bles må dei løpe som slavar i 90 minutt, meiner Veland.

Koke 2

Koke (t.v) har nettopp scora det avgjerande målet mot Barcelona i kvartfinalen i 2014 og feirar saman med David Villa.

Foto: DANI POZO / Afp

– Barcelona kjenner frykt

Kva så med Barcelona? Dei kjem frå tap både i El Classico-oppgjeret mot Real Madrid og no seinast 1-0-nederlaget mot Real Sociedad i helgas serierunde.

Plutseleg er leiinga i La Liga ikkje lenger like suveren, med Atletico Madrid og Real Madrid berre tre og fire poeng bak.

Men Lionel Messi har rykka ut på Facebook og forsikra fansen om at sjølvtilliten ikkje er ramma.

– Kva ellers skal han seie når han legg ut noko for fansen, spør Petter Veland.

– Men det vil overraske meg dersom tapa har gjort innhogg i sjøvtilliten som er stor og sterk frå før. Men dei svake kampane kan føre til at dei kjenner på frykta for å ryke ut i kveld dersom dei ikkje klarar å heve nivået, fortset Veland.

Han meiner Atletico Madrid må lære av Real Madrids 3-0-siger mot Wolfsburg i gårsdagens kvartfinale.

– Dei må vere ekstremt intensive. Men kalde og rolege mellom øyrene. Dei må ikkje selge seg for dyrt og dermed opne for rom som Barcelona kan kontre i, seier Petter Veland.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.