– 8–10 kampar i våre to øvste divisjonar kjem til å bli fiksa i den sesongen vi nettopp har starta, sa ligapresident Javier Tebas på ein fotballkonferanse i London onsdag.
Dei to øvste divisjonane i La Liga omfattar til saman 832 kampar per sesong.
Tebas sa at med kampfiksing meiner han at element i kampane eller sluttresultatet er avtalt på førehand.
– Det er mange fleire kampar enn dei 8-10 som kjem til å bli prøvd fiksa, sa Tebas.
Vil ha livstids-utestenging
– Vi må få inn i reglementet at alle som blir dømde for medverknad til kampfiksing, blir utestengde frå all fotball for livet, sa han.
Tebas har tidlegare i år varsla det spanske fotballforbundet om kampfiksinga, og har også kritisert forbundet for å
.Ein kamp mellom Deportivo La Coruña og Levante i Primera Division i førre sesong er framleis under etterforsking.
– Det var ein Levante-spelar som melde frå til oss (ligaleiinga) om mistankar om at ikkje alt var som det skulle vere. Etterforskinga er ikkje avslutta, men det ser ut som om årsakene til det som kan vere fiksing, har bindingar til Asia, sa Tebas.
Ved starten av årets sesong var ni spanske ligakampar frå førre sesong under etterforsking. Segunda Division-klubben Girona har vedgått at dei har vore innblanda i "ei svært trist hending for spansk fotball".
Javier Tebas har i lenger tid gjort kampen mot kampfiksing til ei hjartesak. Han meiner det er ein trussel mot organisert fotball, og at det derfor trengst eit krafttak for å rydde opp.
– Kampfiksing er kreft som vi må få operert vekk, seier Tebas. – Om vi ikkje tar tak i det no, blir fotball vill vest utan reglar og kontroll, seier La Liga-sjefen.
Tidlegare tryggingssjef i FIFA, Chris Eaton, deltok også på konferansen. Han kunne fortelje at det er fleire grupper i mellom anna Singapore og India som styrer kampfiksing verda rundt. Han er no leiar for ICSS, ei gruppe som skal kjempe mot kampfiksing.
Gruppa er basert i Qatar og er hyrt inn av La Liga for å slåst mot kampfiksing der.