Det får NRK stadfesta på billettkontoret til den tyske storklubben. – Det gjorde vi, og det er heilt normalt her, seier kvinna på billettkontoret.
På svartebørsen er det også stor etterspurnad etter billett til Odd-kampen. Der er dei dyraste lagt ut for 3000 kroner. Ordinær pris er 62,50 euro, eller rundt 560 kroner.
– Eg har ikkje høyrt noko om billettsalet der. Men eg tvilar forsåvidt ikkje, seier Odd-direktør Einar Håndlykken til NRK.
Han opplyser at Odd har fått litt over litt over 3000 billettar til kampen torsdag 27. august.
– Så mange reiser nok ikkje nedover. Men alle som vil nedover, får billett, seier Håndlykken.
«Den gule veggen»
Westfalenstadion i Dortmund tek over 81.000 tilskodarar, men i internasjonale kampar er tilskodartalet avgrensa til 65.829.
Stadion er eit av dei største i Europa, og Borussia Dortmund fyller ofte kapasiteten. Gjennomsnittet dei siste tre sesongane i Bundesliga er 80.437 tilskodarar.
– Det blir moro. Eg veit ikkje om at Odd har spela for så mange tilskodarar før, seier Håndlykken. – Eg trur ikkje mange av spelarane våre har gjort det heller – det måtte i så fall vere Oliver Occean, legg Odd-direktøren til.
– Det blir ellevilt og heilt fantastisk, seier han.
Sør-tribuna er staden for dei hardaste supporterane, og er kjend som «den gule veggen». Der er det eit enormt trøkk under kampane.
– Ein draum
– Kanskje dei er nysgjerrige på Odd, spøker trenar Odd-Eilev Fagermo. – For oss blir det heilt fantastisk, ein draum, seier han.
– Det var den verste trekninga vi kunne få. Men når det først blei slik, blir det ein utruleg fest og ei oppleving for heile klubbe og alle som er glad i Odd.
Men sett frå Borussias synsvinkel er det ikkje nokon stor overrasking.
Fullt uansett motstandar
– Nei, det er nok lenge sidan det var ein kamp som ikkje var utseld i Dortmund, seier Ole Alexander Radenbach. Han er leiar i Borussias norske supporterklubb.
– Der er det så godt som fullt, uansett motstandar. Det er neppe Odd som er årsaka til det. Men det er sjølvsagt moro at det er eit norsk lag som skal spele for så mange, seier Radenbach.
Det var nesten utselt også då Borussia møtte austerrikske Wolfsberger i førre runde.
– Wolfsberger sende tilbake nokre få hundre uselde billettar av sin kvote. Eg er usikker på om dei vart selde, men uansett var det nesten fullt då også, seier Radenbach.
Det var også returkamp, der Borussia vann 5-0 etter 1-0 i bortekampen.
Odd kom til 3. kvalifiseringsrunde etter 1-2 og 2-0 mot svenske Elfsborg.
Også Odds eimekamp mot Borussia 21. august er utseld. Men der er det ikkje plass til 65.000.