NRK Meny
Normal

17-åring blei cupheltinne for Stabæk

Ada Hegerberg herja med erkerival Røa, som allereie etter første omgang vedgjekk at cupfinalen var tapt.

Ada Hegerberg scoret tre mål allerede før halvspilt kamp mot Røa. Etter pause satte Caroline Graham Hansen inn 4-0 som også ble sluttresultatet. Dermed er Stabæk Norgesmestere!

VIDEO: Sjå måla som tok Stabæk til cuptriumf på Åråsen.

  • CUPFINALEN: Røa - Stabæk 0-4

– Det er så deilig!

– Dette var overkøyring frå første til 90. minutt, seier ei jubelrusa Hegerberg.

17-åringen kan kanskje ikkje feire cuptroféet på byen, men har likevel all grunn til å feste hardt og lenge i kveld. For i løpet av finalen på Åråsen viste spissen kor viktig ho er for Stabæk.

Hegerberg var nyleg tilbake etter skadeplager i haust - ein tung periode ein godt kan seie gjekk ut over kampen om seriegullet for Bærumslaget.

LSK Kvinner vann som kjent gullet i Toppserien denne sesongen. Stabæk, som enda på andreplass, tapte avgjørande kampar på målstreken utan Hegerberg på laget.

Men trofésjansen i cupen blei utnytta langt bedre. Med god hjelp av Hegerberg kunne Stabæk jubla for sitt andre strake cupgull etter å ha knust erkerival Røa.

Slik kom Hegerberg-måla:

***13. minutt: Hegerberg blir spelt gjennom, stoppar opp i feltet, og vender av to Røa-forsvararar. Med venstrefoten får ho hamra ballen midt i mål.

***37. minutt: Eit innlegg frå venstre treff Hegerberg, som stangar inn 2-0.

***45. minutt: «Klabb og babb» i feltet. Ballen hamnar hos dagens store spelar, Ada Hegerberg. Og kva gjør ho? 17-åringen lempar ballen i nettmaskene, og kan juble for hat-trick i cupfinalen.

  • Sjå hat-trick-målet som sendte Stabæk-jentene til himmels (saka held fram):
Stabæk leder 3-0 over Røa til pause. Ada Hegerberg har scoret alle målene for Stabæk. Sterkt av spilleren som har vært skadet store deler av høsten.

Ada Hegerberg med hattrick i cupfinalen

Røa såg på finalen som tapt allereie etter første omgang

Og ikkje nok med at tenåringen Hegerberg herja med Røa. Også like gamle Caroline Graham Hansen bidro til målfesten på Lillestrøm.

Det teknisk gode talentet sette spikaren i kista med 4-0-scoring i det 68. minutt.

Raudtrøyene frå Røa hadde lite å stille opp med. Etter å ha blitt latterleggjort av Hegerberg i første omgang såg til og med trenar Geir Nordby på slaget som tapt.

– Er kampen allereie avgjort?

– Ja, svara Nordby til NRK då laga gjekk til pause.

Og trenaren fekk rett. Røa klarte ikkje å slå tilbake i andre omgang.

Geir Nordby

Han gliser kanskje her, men etter cupfinalen laurdag var det lite å juble over for Røa-trenar Geir Nordby.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Men raudtrøyene lovar likevel at sølvet skal feirast.

– Vi skal feste uansett, og sjølvsagt med eit smil om munnen, seier Siri Nordby, som legg opp etter cupfinalen.

– Brutalt nederlag

Også Røa-trenaren skal skåle for å ha tatt laget til finale, sjølv om han var langt nede etter kampen.

– 4-0-tap var brutalt. Eg er skuffa, men fornøgd med at vi får vere med på denne finalen, seier Geir Nordby.

– Svir det ikkje litt ekstra når det er erkerivalen som vinn?

– Sjølvsagt. Dei beste triumfane er triumfane over Stabæk. Men det er bedre å tape 4-0 enn å tape på straffar, som vi gjorde under finalen mot Stabæk i fjor, svarar Nordby.

Stabæk

Stabæk-jentene i cuprus etter å ha knust Røa på Åråsen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.