NRK Meny
Normal

Rasistisk oppførsel skal gi minst ti kampars karantene

Heretter skal rasistisk oppførsel av spelarar og trenarar/leiarar straffast med 10 kampars utestenging i europeiske turneringar.

Milan mot rasisme

Her markerer spelarane på AC Milan sin motstand mot rasisme

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

Styret i UEFA vedtok dette på møtet sitt i London torsdag. Rasistiske tilrop og oppførsel frå publikum skal straffast med delvis stengde tribuner, og med fullstendig stenging om det gjentar seg.

– Dette gjeld for UEFA-turneringar. Dei enkelte land kan framleis ha sine eigne reglar, men eg håper at dei langt på veg følgjer oss, sa UEFAs generalsekretær Gianni Infantino då han presenterte styrevedtaket torsdag.

I dag er straffa fem kampars karantene.

– Vi her i Noreg har ikkje dei same problema som mange andre land har, men vi støttar at UEFA innskjerpar dette. Vi vil sjølvsagt følgje opp. Om vi ikkje har store problem, er det ingen grunn til at vi skal ta lett på rasisme, skriv NFF-president Yngve Hallén i ein sms til NRK.no.

– Dagens sanksjonar ikkje tilstrekkelege

Gianni Infantino

UEFAs generalsekretær Gianni Infantino meiner noverande reaksjonar ikkje er gode nok

Foto: LEON NEAL / Afp

Infantino opplyste at dei har hatt over 120 tilfelle av rasisme dei ti siste åra.

– Dessverre ser vi at dei sanksjonane vi brukar i dag, ikkje er tilstrekkelege, sa Infantino.

– Vi skal ha nulltoleranse for rasisme, derfor er det nødvendig å sende ut eit sterkt signal om at vi reagerer på det, sa UEFA-sekretæren.

Det engelske fotballforbundet (FA) vil ikkje at minimumsstraffa skal vere strengare enn fem kampars utestenging.

Fleire saker i England

Luis Suarez

Luis Suarez fekk åtte kampars utestengelse i ein av dei hardaste dommane for rasisme på fotballbanen

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

– Det er deira avgjerd. Slik eg tolkar dei engelske reglane, kan rasisme der straffast med fem kampar, men det kan også vere 15. Uansett er England eitt av dei landa der dei har jobba mest mot rasisme, sa Infantino.

England har dei siste åra idømt fleire strenge straffer for rasisme ute på bana. Eksempel er Liverpools Luis Suarez som fekk åtte kampar , og Chelseas John Terry fire .

Rasisme-reglane skal ta til å gjelde allereie frå 1. juni. Dermed er dei sett i verk når dei første kvalifiseringskampane i neste sesongs meisterliga og europaliga begynner i slutten av juni.

Kan stenge baner

UEFA vil også endre reaksjonsmåte for rasisme frå publikum. Hittil har dette ført til bot for klubbane.

– Men no kjem vi til å stenge den tribuneseksjonen der rasismen finn stad. Skjer det igjen, stenger vi bana og gir klubben bot, seier Infantino. – Vi ber også klubbane om å bannlyse syndarane for alltid, la han til.

Blodtestar i dopingarbeidet

UEFA-styret vedtok også å begynne å bruke blodtestar i dopingarbeidet. Hittil har dei stort sett halde seg til urintestar, berre i EM har dei tatt blodprøver. Men det meiner dei medisinske ekspertane ikkje er godt nok.

UEFA har prøvd ut blodtestar i EM i 2008 og 2012 med gode resultat.

– Derfor vil vi innføre dette no, seier Infantino.

I tillegg til det, skal UEFA på nytt analysere 900 prøver tatt av fotballspelarar sidan 2008 for å sjå etter spor av steroidar. Men prøvene og resultata skal behandlast anonymt, og ingen skal risikere straff.

Også dommarhets-straff blir auka

Straffa for utskjelling av dommarane skal aukast frå to til tre kampars utestenging. For å fysisk å gå laus på dommarane blir straffa auka frå 10 til 15 kampars karantene.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia