- Vi lærer av Chelsea

Kvinnelandslaget i fotball slepp inn færre mål enn før. Forsvarsspelet er inspirert av eit kjent lag frå London.

Kvinnelandslaget og Mourinho

Kvinnelandslaget og Mourinho

Foto: NRK

Pål Arne Johansen er assistenttrenar på kvinnelandslaget. Han har studert forsvarsspelet til Chelsea-manager Jose Mourinho. Johansen meiner det er mykje å lære av den engelske toppklubben.

- Spelarane i Chelsea er spesielt flinke til å kontrollere rommet foran eige mål. Dei fyller på med masse folk i forsvar. Chelsea er laget som slepp inn færrast mål i Europa, slår assistenttrenar Johansen fast til NRK.

Er meir gjerrige i forsvar

 

 

Pål Arne Johansen, assistenttrenar

Pål Arne Johansen, assistenttrenar

Foto: NRK

Fotballjentene har hatt framgang i forsvarsspelet. Laget slapp inn 2 mål i snitt under EM i England for 2 år sidan. Så langt er talet 0.8 mål per kamp.

Johansen har skrive ei D-trenaroppgåve der han samanliknar Chelsea sitt forsvarspel med kvinnelandslaget. Han legg vekt på to ting for å forklare nedgangen i baklengsmål.

- Vi har veldig gode forsvarsspelarar. Samstundes har vi fokusert veldig på korleis vi oppfører oss i situasjonar der vi står i fare for å sleppe inn mål, seier Pål Arne Johansen.

Fotball-VM i Kina er målet for kvinnelandslaget denne sesongen. Finland er motstandar torsdag, kanskje med eit forsvarsspel på nivå med Chelsea.

 

Fotballnyheter

Videoklipp

LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.
Se målene fra kampen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt her.
Rosenborg vant seriegullet da de vant fotballkampen mot Molde lørdag.