Det meiner Strømsgodset-trener Ronny Deila
- på det dårlegaste grasteppet i landet.Også på Ullevaal er grasmatta dårleg.
Han meiner det er umogeleg å skape topplag på eit slikt underlag;
Nettradio:
- Det er for dårleg, ikkje tvil om det. Eg er glad eg ikkje er Brann-spelar. Vi kjem trass alt hit berre ein gong i året. Dei trenar og spelar her, og det kan ikkje ein toppklubb gjere dersom dei skal utvikle spelarar, seier Deila til NRK.
- Berre tull
- Berre tull, seier Branns Erik Huseklepp. Han vil ikkje høyre snakk om at naturleg gras skal forsvinne frå norsk toppfotball.
- Dette er det einaste dårlege graset eg har sett i norsk fotball akkurat no. Så lenge graset er ok, er det det beste å spele på. Det er det dei gjer ute i Europa, så dersom vi begynner å legge kunstgras overalt, vil vi tape terreng, seier Brann-spissen.