Torsdag la dei fram rapportane sine under ein FIFA-konferanse. Det er snakk om VM i 1934 som Italia ifølgje teorien vann med hjelp frå diktatoren Benito Mussolini og VM i 1978 som Argentina vann, ifølgje forskarane med hjelp frå militærjuntaen.
Begge nasjonane vann fotball-VM på heimebane.
– Det er den same gamle historia. Sport og politikk er som brør, og iblant er sporten veslebror, seier den italienske journalisten Marco Impiglia til AP.
Aftonbladet skriv at Mussolini påverka dommarane til å gi vertsnasjonen fordelar. VM-gullet sørgde også for å auke populariteten til diktatoren.
100 prosent overbevist
Samstundes seier den israelske professoren i latinamerikansk historie, Raanan Rein at han er 100 prosent overbevist om at den argentinske militærjuntaen
, eit resultat som sikra vertsnasjonen avansement til VM-finalen.Argentina måtte slå Peru med minst fire mål. Ifølgje Rein var minst ei utanlandsk regjering involvert slik at Argentina kunne vinne med minst fire mål.
Ein tidlegare senator og politisk fange stadfesta under ei rettssak i fjor at kampen var avtalt spel.
– Mange eg snakkar med i Argentina seier det faktisk ikkje er nokon tvil om saka, seier Rein.
Mange aktivistar skal bevisst ha heldt kjeft om jukset av respekt for spelarane.
– Det hadde ikkje berre skadd det militære regimet, men også landslaget. Og dei hadde eit fantastisk landslag. På mange sett fortente dei å vinne VM, seier Rein.