Han hylla ein stor defensiv kamp av Inter-mannskapet sitt. Barcelona måtte score to mål heime på mektige Camp Nou etter 3-1 til Inter i den første semifinalen i Italia. Det spanske laget klarte aldri å knuse den italienske forsvarsveggen.
- Les:
Først i sluttminutta kom Barcelona gjennom - men 1-0 var ikkje godt nok for heimelaget.
- Eit lag av heltar
Då fløyta gjekk, jubla både Mourinho og Inter-spelarane som om dei hadde vunne meisterligafinalen. Mourinho svinga seg til dei store høgdene på pressekonferansen etterpå.
- Vi var eit lag av heltar, og vi sveitta blod. Eg takar alle, både dei som spela og dei som ikkje gjorde det, såvel som fansen her og heime.
- No er dette vår fest. Eg ønskjer at fansen møter opp på flyplassen når gutane kjem heim, sa Mourinho.
The Triple?
No reiser Inter heim til serieavslutning og cupfinale, i begge tilfelle ventar duell mot Roma om gullet. Og så blir det retur til Spania og meisterligafinale mot Bayern München i Mdarid 22. mai.
Barcelonas trenar Pep Guardiola valde også å rose Inters prestasjon.
- Dei har slått oss over to kampar. Og kvart lag bestemmer sjølv korleis dei vil spele, sa Guardiola, og viste til Inters kompakte forsvarsspel - ikkje minst etter at italienarane vart reduerte til ti mann med ein time att å spele.
- Dei forsvarte seg godt, og vi klarte aldri å finne rom mellom deira forsvar og midtbane. Vi prøvde det vi kunne, men fann ikkje vegen gjennom, sa Guardiola etter sin mest skuffande kveld som Barcelona-trenar.