20. august spelar Noreg treningskamp mot Skotland. Om nokre dagar skal landsslagssjef Nils Johan Semb ta ut ein tropp på kring tjue mann.
Anders Stadheim (Foto: Morten Holm / SCANPIX)
Denne runden hadde han teke turen til Sogndal for å ta ein titt på det laget som har vore det friske pustet i norsk fotball denne sesongen.
Ein av landslagskandidatane til Sogndal er midtbane- spelaren Anders Stadheim.
Nett denne kampen skåra han to og la opp til to andre, i mi bok er det ein god søknad til å kome med i den neste troppen.
Seinare på kvelden noterer eg at Semb seier at Stadheim er ein kandidat på sikt. Men eg meiner at det er naturleg at Stadheim no får smake på landslagslivet.
Ein har plass til ein slik spelar i ein stor tropp. Og korleis skal ein spelar få internasjonal erfaring dersom han ikkje blir teken ut?
Klubblause
I skrivande stund har Semb fylgjande problem:
- Tore Andre Flo er degradert til reservelaget til 1. divisjonslaget Sunderland. Tommy Svindal Larsen er kaptein på Nürnberg i tysk 2. divisjon, og har fått signal om at han bør vurdere klubbskifte for å redde plassen på landslaget. Konsekvensen av ei slik line er at Tore Andre Flo ikkje blir teken ut til kampen mot Skotland
Øyvind Leonardsen og Henning Berg er klubblause. Kaptein Berg seier han har hatt sjansen til å gå til ymse klubbar, men avventar. Det er ein rett Berg har, men det betyr at han ofrar landsslagsspel. Vi kan ikkje ha med klubblause spelarar. Landskampar må ikkje forvekslas med prøvespeling.
Derfor må det vere plass til ein representant frå dei unge svoltne spelarane.
Eit uttak av Anders Stadheim vil gje eit signal til Tippeligaen om at det er mogleg å ta steget, og eit enno sterkare signal til dei etablerte stjernene om at landslasspel ikkje er ein rett, men ei ære.