Åge Hareide ber landslagssjef Nuils Johan Semb spare Rosenborg-spelarane i landskampen mot Skottland (Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix)
RBK-trenaren er redd spelarane skal vere slitne før den avgjerande bortekampen mot spanske Deportivo La Coruna i meisterliga-kvalifiseringa i slutten av august.
- Eg vil snakke med Semb og be om at spelarane våre får begrensa speletid, seier Hareide til Dagbladet.
I løpet av dei neste 30 dagane skal Rosenborg spele ti kampar i serie, cup og meisterligakvalifisering. For dei beste spelarane kan landslaget kome i tillegg.
For Semb og landslaget er kampen mot Skottland på Ullevaal generalprøven framfor EM-kvalifiseringskampen mot Bosnia i Sarajevo 6.september, og dermed viktig med tanke på å prøve dei aktuelle spelarane.
Rosenborg startar mesietrliga-kvalifiseringa onsdag med bortekamp mot irske Bohemians i andre kvalifiserande runde. Og klubben har ein heilt skadefri tropp klar til den kampen.