Irlands italienske trenar Giovanni Trappatoni er 71 år, og Egil Olsen ikkje så mykje yngre. Men Gamsten har likevel tru på dei to.
- Det er ein fin gjeng det der, to dyktige trenarar som kjem til å sjå tilbake på mykje suksess og ein stor trenarkarriere når dei blir endå eldre.
Ikkje overraska
- Er du overraska over at ein så stor trenarlegende skryt slik av Drillo?
- Nei, han har vel sett på resultata Egil har hatt med landslaget og fått respekt for det, seier Gamst Pedersen til NRK.
Han hyller den norske spelestilen, og samanlikna den med Trappatonis eigen filosofi.
- Det er svært viktig med eit balansert lag, og det er trenaren sitt ansvar å sørge for det, seier italieneren, som meiner Drillo har gjort ein god jobb med landslaget.
Set pris på rosen
Det set Drillo sjølv pris på.
- Eg har ikkje fått berre kritikk eg heller - eg har faktisk fått ein del ros enkelte stader. Kanskje ikkje så veldig mykje i media, men hos mannen i gata, seier Drillo til NRK. Olsen møter for ein gongs skuld ein trenar som er eldre enn han sjølv.
- Eg kjenner han ikkje, men veit kva han har prestert, seier den norske landslagssjefen, som trur Irland er svekka til kampen i kveld.
, mellom andre tre av dei fire faste bak. Det gjer nok oppgåva litt lettare for oss, sjølv om vi også har skadeforfall, seier Drillo.
Treng kvalifisert motstandar
- Kvifor er Irland ein bra motstandar for Noreg akkurat no?
- Alle motstandarar er bra, for vi treng trening mot ein kvalifisert motstandar, og det er Irland. Sjølv om dei har ein del nye spelarar, vil ikkje det endre så mykje på kva dei gjer. Vi møter eit lag som har igjen noko av det vi kallar det typisk britiske, med langpasning, stuss og jobbing med andreball. Men i periodar prøver dei også å spele omstendeleg og med mange trekk
Kampen i Dublin går kl 20.45, og du kan høyre den
her på NRKsport.no.