NRK Meny
Normal

- RBK vinn - men ikkje pga Eggen

Rosenborg tek seriegullet i år også, men det er ikkje på grunn av Nils Arne Eggen, meiner trenar-kollegaer.

Nils Arne Eggen hilser publikum igjen på Lerkendal.
Foto: Geir Otto Johansen / Scanpix

- Eg trur at Rosenborg vinn, men ikkje fordi Nils Arne er der. Sjansen hadde vore endå større med Erik (Hamrén), men det kan jo gå bra med Nils Arne og, seier Molde-trenar Kjell Jonevret.

Rosenborg leika med Kongsvinger og vann 4-0 på Lerkendal i Eggens første kamp etter comebacket som RBK-trenar. Han avløyste Hamrén som vart svensk landslagssjef på heiltid.

Seks av sju trur på RBK

NRK har spurt sju eliteserietrenarar om korleis dei trur Rosenborg vil gjere det under Eggen. Seks av dei meiner gullet går til RBK. Men Tromsø-trenar Per-Mathias Høgmo trur ikkje det er på grunn av Eggen.

- Dei har dei største ressursane i norsk fotball, dei er i eigen klasse når det gjeld økonomi, spelarstall, og så vidare. Dei har kjøpt seg kraftig opp. Det hadde vore ein sensasjon om nokon andre lag kom opp og blanda seg inn i tetstriden, seier Høgmo.

Godt dekka bord

Dagleg leiar i Rosenborg, Nils Skutle, vedgår at Eggen kjem til eit godt dekka bord på Lerkendal.

- Eg trur han meiner spelargruppa er god og ein godt samansveisa gjeng, og det er noko som Erik har gjort. Han har sett saman eit godt lag med gode haldningar, seier Skutle.

- Per eller Pål eller Nils Arne

Seks trenarar ventar gull til Roseborg. Den sjuande trenar Aalesund og heiter Kjetil Rekdal. han ser det på ein litt annan måte:

- For det første er det totalt uinteressant kva han tilfører Rosenborg. Om det er Per eller Pål eller Nils Arne Eggen som trenar Rosenborg interesserer meg null og niks!

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.