NRK Meny
Normal

- Oddsbombe i europaligaen

- Dersom nokon hadde vedda på oss før europaligaen tok til i juli i fjor, hadde dei vore rike, seier Brede Hangeland etter at Fulham sikra finaleplass.

Brede Hangeland
Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Han storspela på nytt i Fulhams forsvar, men meiner likevel av det nesten er absurd at den vesle London-klubben er komen heilt til finalen.

- But here we are, seier midtstopparkjempa. - Og eg trur vi fortener det. Vi har allfall ikkje kome dit ved hjelp av flaks i trekninga, seier Hangeland.

Slått ut storlag

Fulham har slått ut lag som tittelforsvarar Sjakhtar Donetsk, Juventus og Wolfsburg før dei slo Hamburg i semifinalen.

- Vi er komne dit ved hjelp av hardt arbeid og godt spel, slår Hangeland fast. No kan han sjå fram mot finalen mot Atletico Madrid i Hamburg 12. mai.

Då har Fulham spela 18 kampar og reist over 30.000 km sidan kvalifiseringa tok til for nesten ti månader sidan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stolt sjef

Manager Roy Hodgson kunne knapt få uttrykt kor stolt han var av spelarane sine.

- Å kome til finalen i europaligaen er stort, uansett om det er Fulham eller ein av dei "fire store". Fotball er så fylt av kjensler at du kunne ha forstått det om spelarane hadde mista hovudet i dag, iallfall eter at Hamburg tok leiinga. Men dei gjorde ikkje det, dei viste same disiplinen som før. Dette er enormt, sa den tidlegare Viking-trenaren.

Atletico-respekt

Atleticos trenar Quique Sanchez Flores seier at han reknar Fulham som ein like vanskelg motstandar i finalen som einkvar annan klubb, sjølv om Fulham ikkje er blant topplaga i Premier League.

- Alle engelske lag er vanskelege, og Fulham er ikkje noko unntak. Dei har kjempa seg fram til finalen, derfor er dei ein vanskeleg motstandar, seier han til tribalfootball.com.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia