Kommentar av Jan Åge Fjørtoft
Sogndal-spillerne f.v. Håvard Flo, Anders Stadheim, Rune Bolseth og Kristian Ystaas imponerer. (Foto: Scanpix)
Svein Bakke i Sogndal har sagt at dette er det beste Sogndal–laget han nokon gong har sett. Og kanskje skal vi byrje å ta han på alvor, han har no sett dei fleste. Laget har ein god balanse. Unge talentfulle spelarar, miksa med ein stor gamal ringrev i Flo i angrepet og så ein liten smak av andre kulturar frå fjern og nær.
Til å forvalte dette har ein henta inn Jan Halvor Halvorsen, ein kompromisslaus spelar i si tid. Meir finjustert som trenar. Fornuftig kar som ser ut til å passe godt til klubben.
RBK i Superligaen
Men serieleiar i dag og herfrå til evigheita er Rosenborg. Når dei er så effektive som dei var i Bergen, er det rett og slett ” feige lag ”, som vi sa på løkka. Som eit juniorlag som er påmeldt i smågutteklassen. Åge Hareide bør bruke sine kontaktar i Danmark til å melde på RBK–laget i den danske Superligaen. Da vil dei i alléfall fått litt motstand. Eg er overbevist om at RBK i denne fasongen er Skandinavias beste lag. Det lovar godt, for ein haust utan Meisterliga blir merkeleg.
Ålesund viste fin framgong mot Vålerenga. Men står framleis utan poeng. Heime på Kråmyra mot Brann trur eg at nullen sprekk. Bør no ha premierenervane under kontroll, og et Brann–lag med bakoversveis etter RBK–leksjonen, kan vere det sunnmøringane no treng.
Lovende Stabæk
Stabæk reiste seg meisterleg etter ein svak første omgang, og i andre omgong valsa dei over eit svakt Odd–lag. Kjekt at Thomas Finstad kom på scoringslista. Thomas har det meste. Men har slitt med å treffe målet. Kanskje var dette starten på ein målrik sesong for årets Idol–vinnar i Stabæk! Start i Tippeligaen var det for unguten Henning Hauger. Han har eg fylgt med sia han var ein liten gutunge. Merk dokke namnet. Ein framtidig storspelar, dersom han fortsetter å jobbe hardt.
Hoset for Norge
At Magne Hoset er god nok for Molde visste vi alle. Eg meiner at han også fortener ein plass i ein landslagstropp. Vi treng typar i eit til tider kjedeleg landslag. I tillegg er det viktig at spelarar med spesiell kompetanse får sjansen i treningskampar. I skrivande stund veit eg ikkje om han blir teken ut troppen. Men, om Magne held rett fokus, beheld gleda og det leikande i spelet sitt, kan han bli viktig i haustens kampar.
Bodø/Glimt gjorde det enno vanskelegare for Teitur og Lyn. Etter kva eg skjøner, klagar Lyn – spelarane over trenaren att. Never ending story med andre ord. Kanskje dei saknar Sture Fladmark som dei klaga over i fjor!
Tromsø bør ikkje klage. Dei visar høg moral atter ein gong. Gode spissar og eit hardt arbeidande lag. Trudde det ikkje før sesongen, trur det ikkje no, Tromsø skal kunne halde seg unna nedrykkssona.