- Dei har fått ein god start, og eg trur dei kan surfe på den, seier den tidlegare landslagssjefen og noverande ekspertkommentatoren i NRK.
- Unngå skader
Han trur nøkkelen kan bli at dei klarer å styre unna for mange karantener og skader.
- Klarer dei det, vil dei halde seg i toppen, slår han fast.
Nettradio:
Molde tok sin tredje strake siger då dei slo Strømsgodset 2-0 søndag, og går inn i påska som den einaste klubben med full pott.
Har gjort mykje rett
Hareide meiner klubben har gjort mykje rett den siste tida.
- Tanken er å bygge stein på stein. Og når dei framstår slik dei gjer no, er det velfortent og veldig positivt å vise at det framleis han spelast god fotball i Molde, seier Hareide.
Molde har møtt Lyn, Bodø/Glimt og Strømsgodset, og har til gode å møte dei antatt beste laga.
- Når dei møter dei som er såkalla "antatt beste", får vi svar på Moldes kvalitet. Eg trur det vil gå bra då også, seier Hareide.
Neste kamp er mot Sandefjord heime andre påskedag.