Den nye Aafk-trenar Jan Jönsson har allereie møtt spelarane ei rekkje gonger, men først i dag var det ordinær trening på heimebane. Det skjedde innadørs på idrettshallen, berre eit steinkast frå heimebana.
Les meir:
Startar med eittårskontrakt
Den svenske trenaren understrekar at han heile tida har vore sugen på å kome til Ålesund, etter at tilbodet kom.
– Eg hadde veldig lyst, men trengde eit par juleveker på å tenkje meg om. Men no tek vi skikkeleg sats. Og sjølv om det som ein start er ein eittårskontrakt, så har det med familiesituasjonen å gjere, seier Jönsson. For heime i Halmstad i Sverige bur kona og dei to borna.
– Magekjensla talte heile tida sterkt for Aalesund, seier han. For Jönsson var også i samtalar med Vålerenga.
Les meir:
Håper han blir i AaFK
Aalesundsspelaren Jonathan Tollås Nation er godt fornøgd med trenarbyte, og dei første erfaringane med Jan Jönsson.
– Han er veldig flink med menneske og pedagogisk dyktig, det merkar vi. Vi håper vi kan få han til å trivast i byen, seier Tollås Nation, etter den første treninga på heimebane.
Forsiktig med endringar
Den nye Aafk-trenaren er forsiktig med å seie kva for endringar han vil gjere, etter så kort tid.
– Først vil eg bli betre kjent med laget, men det er klart det er viktig for oss å forsterke eige spel, og bli betre framover, så fort som vi får det til, seier Jönsson, og legg til at det er høgst aktuelt å kjøpe nye spelarar.
– Ja, det er det, men det som er viktigast for meg er jo å konsentrere meg om dei som er her. Så er det sjølvsagt viktig å få på plass dei vi ønskjer oss, så fort som råd, seier han.
Entusiasmen smittar
Den nye Aafk-trenaren seier han har merka seg oppslutninga rundt AaFK. Han meiner den er heilt spesiell. Han håper at han sjølv også kan bidra i rett retning framover.
– Eg håper å vere med å utvikle ein offensiv og eigen spelestil. Eg vil forsøkje å by på meg sjølv, og prøve å få spelarane til å reagere på ein frisk og offensiv måte, seier han.
Likar friluftsliv
Førebels bur Jan Jönsson åleine i Ålesund, og han har tenkt å bruke fritida til noko anna enn berre fotball og trening.
– Eg likar frisk luft, eg ser viddene her, eg skal nok gjere meg kjent med fjella og byen elles, det ser eg fram til, seier han.