- Rosenborg har ringt og avkrefta at dei skal ha kome til einigheit om nokon avtale med Veigar Pall Gunnarson. Dei er langt unna ein avtale med spelaren, seier sportsleg leiar i Stabæk, Inge André Olsen.
- Vi har vore i ein prosess med Rosenborg ganske lenge. Og det er ein lang veg til det føreligg ei klar underskrift. Kva som no har skjedd i denne saka, veit eg ikkje, seier Olsen til NRK.
- Kva synst du om at agenten går ut og seier dette?
- Eg finn det særs merkeleg. Kva for ein agenda han har, veit eg ikkje. Det vi ønskjer, er sjølvsagt å fokusere på at Veigar er i Stabæk, og at han har halvtanna år igjen av kontrakten vår. Han skal fokusere på å spele for oss på søndag. Difor er det særs uheldig at agenten går ut og hevdar det motsette av det Rosenborg fortel oss, seier Olsen.
Det har blitt hevda at
- Er Vålerenga interessert?
- Det kan eg stadfeste.
- Har dei lagt inn bod?
- Det kan eg ikkje kommentere.
- Kvifor ikkje?
- Godt spørsmål. Eg ønskjer ikke å ha fokus på overgangsrykte no. Vi har fokus på det som skal skje i neste eliteserierunde på søndag, seier Inge Andre Olsen.