Han meiner Hareides plan om å skape eit offensivt lag ikkje har slått til. Det kom klart fram mot Kviterussland i går.
- Hareide vil ha offensivt spel gjennom vingane. Han vil ha to mot ein-situasjonar på kantane, og gode innlegg. Med svært få unntak svikta dette både i går og mot Italia. Berre Morten Gamst Pedersen held mål, seier Flo.
Han meiner også at vingane får for lite hjelp av backane.
- John Arne Riise er betre defensift enn offensivt. Jon Inge Høiland kan vi ikkje vente all verden av, fordi han ikkje har så mange kampar. Og når kanstpelet sviktar, blir brodden og rytmen borte i heile angrepsspelet, seier Flo.