Danske aviser: Høgmo er toppkandidat for Odense

Tromsø-trenar Per-Mathias Høgmo skal vere førsteval til jobben som ny trenar for Superliga-klubben Odense, melder fleire danske media torsdag kveld.

Per-Mathias Høgmo

Per-Mathias Høgmo skal vere høgaktuell som ny trenar i den danske klubben Odense

Foto: NTB scanpix
Arve Lote byline
Journalist

Både politiken.dk og sportsfyens.dk har opplysningane frå norske kjelder.

53 år gamle Høgmo har kontrakt med Tromsø ut sesongen. Ifølgje dei to nettavisene er han den fremste kandidaten blant to-tre "finalistar" i kampen om den ledige trenarjobben.

Han skal allereie ha hatt samtaler med direktøren i klubben frå HC Andersens fødeby, og Odense vil ha nordmannen på plass rundt midten av juni.

Overfor avisa Nordlys vil ikkje Høgmo sjølv kommentere saka.

Odense sparka sin førre trenar Henrik Clausen etter berre fire kampar i vårsesongen. Vikaren Poul Hansen har enno ikkje klart å leie laget fram til siger, og Odense ligg på 10.-plass av 12 lag i Superligaen – plassen over nedrykksstreken.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ada Hegerberg header inn et frispark slått av søster Andrine Hegerberg
Arsenal vant 2-1 over Burnley.
Wayne Rooney scoret fire minutter på overtid og reddet 1–1 for Manchester United da de gjestet Stoke. Stokes ledermål kom etter et selvmål av Juan Mata.
Liverpool tapte 3-2 for Swansea.